For ein bygdekommune som Vindafjord så er det aktivt og framtidsretta arbeid for å oppretthalda busetnad, arbeidsplassar og gode felles tilbod som må vera i førarsete. Dette er ikkje lett når sentraliseringsbylja skyljer over bygde-Noreg.
Ingen kan nekta for at fremst i denne kampen står Senterpartiet. Utan Senterpartiet sentralt i regjeringa som slost for betre økonomi i kommunane hadde kommunen vår hatt store problem med å oppretthalda tilbod, trivsel og framdrift. Vi huskar kva hjelp vi fekk frå førre regjering .
Les vi Senterpartiet sitt program går fellesskapet og fordeling mellom bygdene som ein raud tråd. Innbyggjarane i Vindafjord treng korkje sentral eller lokal sentralisering. Dette er ymse andre parti mindre opptatt av. Vindafjord sin desiderte største arbeidsplass etter kommunen sjølv, er jordbruket. Vil ein ikkje gi denne næringa gode arbeidstilhøve så vil kommunen bli fattigare på fleire måtar. Ein reduksjon i landbruket gir også store utslag på andre næringar og dermed på busetnaden i bygdene våre. Å leggja tilrette for andre næringar og busetnad står sentralt i programmet og er avgjerande for kommunen.
Ser vi på korleis kommunesamanslåinga har verka så må vi seia at dette har gått betre enn mange trudde. Her har det vor god og vettug styring. Dette har ikkje minst ordførar Arne Bergsvåg æra for. Å få to administrasjonar og to kommunar til å styra saman er både politisk og administrativt vanskeleg. Her må ein òg kreditera god administrativ styring. Vilje til å få til samarbeid mellom alle dei styrande er ikkje det lettaste ved fusjonar. Det krev stor kløkt skal ein få resultat. Berre desse få grunnane som her er nemnt gjer valet lett for folket som bur i Vindafjord. Ikkje minst er det viktig å få ordføraren vi har på plass att.
Dominikus Nagell Bjordal