— Kyrkja var viktig medspelar

— Kyrkja deltek i folk sine liv på godt og vondt. Det som handlar om […]

— Kyrkja deltek i folk sine liv på godt og vondt. Det som handlar om folket, vedgår også kyrkja, seier Jens Olav Mæland, sokneprest i Etne.
Kyrkja var sentral då unionen med Sverige blei løyst opp, og ho blir også med og markerer at det i desse dagar er 100 år sidan. Noreg og Sverige skilde lag 7. juni 1905, og Kyrkjerådet oppmodar alle kyrkjene i landet om å markere dette i samband med gudstenestene sundag 12. juni. Soknerådet i Etne tek gjerne ei slik utfordring.

Spennande tid
Den historieinteresserte soknepresten har nok av kunnskap å dele om tida. Unionen tok slutt i ein periode han finn spesielt interessant og spenningsfylt – både med tanke på politikk, kunst og utdanning.
— Det føregjekk ein ideologisk kamp. Målrørslene og foreiningstanken kom på denne tida, og organisasjonslivet skaut fart, fortel han.
Han nemner andre hendingar og trekk frå tida, og han slår fast at det var ei folkeoppvaking på gang.
— Det gjekk også føre seg ei oppvaking i kyrkja på denne tida. Liberale straumar frå kontinentet skapte kamp. Dette toppa seg i 1905 under ei konkret sak: tilsetjinga av ein ny professor i dogmatikk, fortel soknepresten.

Kyrkjestrid
Dåtidas diskusjonar i kyrkja har klare parallellar til dei som dukkar opp i dag. Kor vidt me skulle ha ei statskyrkje var brennheitt tema då.
— Union var nesten blitt eit stygt ord. Ein snakka om unionen mellom kyrkje og stat, og at denne burde oppløysast. Saka blei utreidd av reformvener. Venstre gjekk inn for oppløysing av denne unionen, medan Høgre ville halde på den, seier Mæland.
— Temaet har halde seg, og for så vidt blitt forsterka, men det har også snudd litt. Blant dei som var politisk radikale då, er det i dag mange som vil halde på statskyrkja, legg han til, og tenkjer på arbeidarrørsla.
Samstundes som desse diskusjonane verserte innan kyrkjeinstitusjonen, fekk også religiøse vekkingsrørsler godt grep om folket. Folk stengde forretningar og stimla saman for å høyra predikantar.
— Det var ein slags fødingstime for heile folket på gang, meiner presten.

Informasjonskanal
I dei største kyrkjeblada for 100 år sidan blei unionen med nabolandet ivrig diskutert.
— Dei gjekk inn for oppløysing, men berre viss den blei fredeleg, seier Mæland.
Han trur desse diskusjonane fekk ringverknader på meiningane til folk.
Då unionsoppløysinga blei eit faktum, blei kyrkja ein viktig informasjonsformidlar av hendingane.
— Vedtaket i Stortinget blei send sokneprestane for opplesing i kyrkjene. I Haugesund gjekk ordføraren og kapellanen side om side i tog til kyrkja, saman med folket. Dette er ein kuriositet som viser samhøyrsla mellom folket og kyrkja den gong, held presten fram.
Kyrkja var også stemmelokale då forslaget frå Stortinget skulle stemmast over. Mange frykta krig desse dagane. Men folk i sentrale posisjonar evna å vise audmjukskap og å sansa seg, og det meiner soknepresten i Etne var avgjerande for at det gjekk så fredeleg for seg.

Tynnslitne band
— Banda mellom Noreg og Sverige var tynnslitne. Sverige hadde ikkje anna val enn å gje frå seg Noreg, meiner Mæland.
Han ser på det som eit gode at Noreg blei ein sjølvstendig nasjon.
— Det er alltid bra å kunne ta ansvar for eiga sak, legg han til, og sikter spesielt til utanrikstenesta.
Det var den felles utanrikstenesta som skapte problem, og det var også Noregs krav om å styre dette sjølv som til slutt felte unionen.
Når det gjeld kyrkja si stilling i samfunnet, legg ikkje presten skjul på at ho har endra seg mykje i løpet av dei 100 åra som har gått. Kyrkja hadde på mange måtar ein mykje sterkare funksjon då unionen tok slutt.
— For hundre år sidan var einskapskulturen sterkare. Kyrkja hadde større påverknad, og den hadde nærast kulturelt hegemoni. Slik er det ikkje i dag. Kyrkja står meir på eigne bein no, framhevar han.

Må tenkje stort
— Me har ein heilt annan måte å kommunisere på i dag, held han fram, men meiner samstundes at kyrkja framleis har ein viktig samlande funksjon, om enn på ein annan måte enn i 1905.
— I dag har me ei stor utfordring i å vise solidaritet med dei som kjem til oss med ein annan bakgrunn. Kjenneteiknet på eit godt samfunn er nettopp at me viser nestekjærleik og omsorg. Framover må me rekne med å vere ein pluralistisk nasjon. Utfordringa er å tenkje stort om vår neste. Dette var også vår og svenskane si utfordring overfor kvarandre i 1905, sluttar soknepresten.