Lærarane må lære spansk

— Frå og med skuleåret som startar i august 2006, skal alle elevane på ungdomstrinnet […]

— Frå og med skuleåret som startar i august 2006, skal alle elevane på ungdomstrinnet ha eit obligatorisk tredjespråk i undervisinga. Dette kjem i tillegg til norsk og engelsk. Frå før har me tysk, men no vil me prøve ut spansk også, seier Per Ivar Ertresvåg, oppvekstinspektør i Vindafjord.
Han er for tida leiar for den såkalla Sone 2, som omfattar kommunane Suldal, Sauda, Vindafjord, Ølen, Tysvær, Bokn og Utsira. Desse kommunane har slått seg saman med Haugesund og har jobba fram eit undervisingsopplegg med høgskulen der. Staten kjem med pengar til kompetansehevinga, som er ein del av kunnskapsløftet i grunnskulen og den nye læreplanen som blir aktuell frå hausten 2006.

Valfridomen forsvinn
— Lærarane får høve til å ta grunnfag i spansk over fire semester. Undervisninga kjem til å gå føre seg onsdagar i Aksdal, og kommunen betaler kurspengar og lærebøker, forklarer Ertresvåg.
Til gjengjeld forpliktar lærarane seg til å undervise nokre år i framandspråket.
— Det at det tredje framandspråket blir obligatorisk, betyr også at undervisinga må leggjast om. Den må bli meir praktisk, og dette byr på store utfordringar for lærarane, held undervisingsinspektøren fram.
No kan elevar som til dømes kjenner seg for svake eller umotiverte for meir språkopplæring, velje vekk det tredje språket. Mange elevar nyttar seg i dag av dette tilbodet – oftast til fordel for eit meir praktisk valfag.

Bestemte seg tidleg
Målet er å få eit par lærarar frå kvar ungdomsskule til å ta etterutdanninga, og det blir ikkje stilt krav om at dei må ha forkunnskapar i verdsspråket.
— Me har totalt 30 plassar fordelte mellom Nord 2 og Haugesund, seier Ertresvåg.
Anne Mette Reinertsen, lærar på ungdomsskulen i Skjold, var tidleg ute med å bestemme seg for at ho ville nytte tilbodet om å lære spansk.
— Eg har lyst til å lære spansk. Eg håpar det blir fleire som melder seg på herfrå, seier ho.
På sikt kan det også bli aktuelt for lærarar på barnetrinnet og vidaregåande skule å lære spansk. I følgje Ertresvåg er det opning for å starte undervising i fleire framandspråk også i barneskulen.
— Me har i tillegg kontakt med Ølen vidaregåande skule om dette. Om fire år blir det aktuelt med spansk der, slår han fast.
Då har nemleg dei første spanskkulla gått ut frå ungdomsskulane her i distriktet.