Løfta inn av publikum

Det er ikkje lenge sidan Madrugada var i Haugesund, men festivalsjef Anne Cecilie Berentsen er […]

Det er ikkje lenge sidan Madrugada var i Haugesund, men festivalsjef Anne Cecilie Berentsen er ikkje i tvil om at publikum vil ha meir.
— Vi var på konserten i Djervhallen og er overtydde om at Madrugada og Rootsen vil kle kvarandre god. Lydbildet passar godt inn i festivalen vår. Madrugada er i ei klasse for seg i musikk-Noreg i dag, meiner Berentsen.

Duett tok av
Ho ventar seg publikumsrekord og magi når bandet står på Rootsscena i Vikedal laurdag 15. juli.
— Alle dei som ikkje fekk sett dei sist, får no ein ny sjanse. Og dei som var på konserten har garantert lyst til å oppleve bandet igjen. Madrugada er den største rockesuksessen nokon sinne her i landet. Det må bli publikumsrekord, seier Berentsen.
Ho siktar til at Madrugada på eitt år har spelt for rundt 200.000 nordmenn og selt nesten 300.000 album. Fjoråret starta med «The Deep End» og slutta med konsertplata «Live At Trafalmadore». Midt i mellom kom duetten «Lift me» med Ane Brun som ein farsott i alle kanalar.
Med det har Madrugada hatt eit grep på musikkpublikum nesten utan sidestykke der mange har blitt nysgjerrige på det bandet har gjort før.

Publikumsartist
Madrugada har reist landet rundt med konsertar der lokale kvinnelege songarar har blitt utfordra til å synge «Lift me» saman med Sivert Høyem. Ingen dum ide for å skape blest om konsertane.
Susanne Sundfør tok utfordringa i Haugesund, og ho skal ha ein eigen konsert i Vikedal. Men om det blir duett, er ikkje avgjort enno.
— Manageren til Madrugada veit om at Susanne Sundfør deltar same dagen. Det er ikkje meg imot, men det er opp til dei å bestemme, seier Berentsen.
Madrugada er publikumsartisten i den forstand at dei er godt representerte på forslagslista frå publikum. Men i år var det ikkje ei direkte avstemming sidan det ikkje er mogleg å få slike avtalar med band i denne musikkdivisjonen.
DumDum Boys var også på ønskelista, men prisen var ikkje fullt så attraktiv som bandet.

Jublar
The Dubbliners har publikumsrekorden i Vikedal for ein kveld med 1.700, og det er neppe dristig å spå at den blir feia av banen i juli.
— «Lift me» har gjort til at svært mange har oppdaga Madrugada. Dei er populære i alle generasjonar. Eit breitt spekter i alder skapar ein eigen atmosfære som eg håper vi får oppleve.
Ho har aldri fått så mange gratulasjonar og positive tilbakemeldingar på eit enkeltband som skal kome til festivalen. Difor er ho heller ikkje redd for at folk er metta av Høyem & co.
— Vi har vel aldri vore så overtydde om at vi treffer rett med eit band før. Dette må vere ei god påskehelsing for Rootsen sitt publikum, seier Anne Cecilie Berentsen.

Sydd rundt
Saman med Georgia Satellites er Madrugada toppen av det festivalen har på programmet i år. Resten av menyen blir sydd saman rundt desse to som speler kvar sin kveld. Amerikanske Georgia Satellites stiller med ein god porsjon bluestrøkk.
Med Claudia Scott, danske Instinkt, Helldorado og bestillingsverket hos Nils Økland Ensemble, er svært mykje på plass for Rootsfestivalen.