Lokkar folk til festival

Arrangørane er forbausande rolege med tanke på at dei ventar opp mot 1500 gjester til […]

Arrangørane er forbausande rolege med tanke på at dei ventar opp mot 1500 gjester til vesle Vikebygd laurdag. Gunn Vikingstad, Bjørn Vik, Rune Hetland og resten av festivalkomiteen har byrja å få erfaring med å planlegge og avvikle den tre år gamle festivalen.

Alle får sjansen
Både bygdefolk, hyttefolk og andre turistar er venta. Gule plakatar er hengde opp og fangar blikka til folk langs heile Ålfjorden.
— I fjor blei det løyst 300 fiskekort. Eg veit ikkje om nokon festivalar rundt om her som løyser fleire. I fjor måtte me kopiere opp nye kort, seier Rune Hetland.
Mange legg til kai med småbåtar i Vikebygd på festivaldagen, og i fjor melde 150 båtar seg på fiskekonkurransen. For at dei som fiskar frå kaien også skal få sjanse til å hevde seg i kampen, blir det delt ut ulike typar premiar: både for den største, minste og mest originale fisken.
— Folk stemmer på kva for ein fisk dei synest er artigast, forklarer festivalsjef Gunn Vikingstad.
Klassane er vidare delte opp i barn, dame og herre.

Ordførarduell
Festivalen opnar på føremiddagen, medan startskotet for fiskekonkurransen går laurdag ettermiddag.
— Det er eit syn når alle båtane fer ut fjorden. Me ringer i klokker og fyrer opp rakettar, fortel Vikingstad.
Sjølv om fiskinga er hovudaktiviteten under festivalen i Vikebygd, er dette berre ein bit av det fullspekka og tradisjonelle programmet. Pøiken spelar trekkspel på kaien heile dagen, medan folk kan handle i ulike salsbuer, eller ta del i leikar av ymse slag. Rykande ferske snurringar blir selde på Plassabakeriet, før det blir dekka stort skaldyrbord der seinare på ettermiddagen. Ordførarkandidatane i nye Vindafjord skal også få briske seg. Dei smakar på valkampen med ein aldri så liten duell under Vikebygdfestivalen.
— Veljarane skal få sjansen til å stille dei nokre spørsmål, forsikrar Hetland. Lensmann Ingvar Gjærde tar seg deretter av den offisielle opninga av festivalen.

Kunst og dans
Nytt i år er kunstutstilling på Plassabakeriet med Malin Nagel Alne. Den unge kunstnaren gjorde suksess med utsilling i Slaktehuset i Haugesund i vår. No har ho måla nye bilde til Vikebygdfestivalen. Geir og Tore, musikarar får Haugesund, men med hytte i Vikebygd, spelar til dans om kvelden.
Kring 60 menn og kvinner jobbar dugnad på festivaldagen, som gjev pengar til å drifte fotballgruppa og korpset i bygda. Denne veka riggar arrangørane opp telt. Dei kan vere gode å ha, sjølv om komiteen satsar på godt vêr. Bakar Bjørn Vik har allereie lagt ved til tørk i den tradisjonelle bakaromnen, der kring 1500 snurringar skal steikast i løpet av laurdagen.
— Eg fyrer opp kvelden i førevegen, og rakar ut om morgonen, forklarer han.
Arrangørane opplever stor gjevarglede frå sponsorar. Lokalt næringsliv sørgjer for spesielt flotte og mange gevinstar til lotteriet, som også skal avviklast på festivaldagen. Sidan starten i 2002, har Vikebygdfestivalen berre vakse. Kanskje blir det ny rekord når båtar og folk kjem til bygda laurdag?