Lyftar fram kvinnene

— Totalt sett har me fått lyfta kvinneandelen i forhold til kommunestyret, seier ordførar Arne […]

— Totalt sett har me fått lyfta kvinneandelen i forhold til kommunestyret, seier ordførar Arne Bergsvåg (Sp). Med ni kvinner blant dei 33 folkevalde er det eit mannsdominert kommunestyre, men nå kjem kvinnene opp og fram. Bergsvåg understrekar at dei ikkje har fått desse posisjonane fordi dei er kvinner, men fordi dei er dugande.
Måndag ettermiddag møttest alle partia og bygdelistene og etter ein god time kunne ordføraren kunngjera at formannskapet og komitéleiarane var fordelte.
Blant kvinnene er Marit Aga Hustvedt Ap sin representant, Anne Gro Magnus kjem inn for Sp og Ingrid Steinsland for Krinsliste for Bjoa og Haugsgjerdet. I tillegg blir Tone Hatteland (H) leiar av komité Oppvekst og Gunn Vikingstad (Vikebygd bygdeliste) leiar av komité Omsorg. Åsmund Kalstveit (Sp) skal elles leia komité Utvikling.

God utteljing
Ingrid Steinsland er rutinert etter å ha hatt fast sete i formannskapet i Ølen i ti år. Dei to siste åra har ho vore den einaste kvinna med formannskapsplass.
— Det er blitt god utteljing for dei kvinnene som sit i kommunestyret. Dei har fått verv der det har vore mogleg, seier Steinsland om den komande samansetjinga.
— Kva synest du om kjønnsfokuset?
— Eg synest det er mykje fokus på kjønn. Me er meir opptekne av sakene og å bli eit team, og tenkjer ikkje så mykje på kjønna, seier Steinsland.
Om ho er einsleg svale i flokken i inneverande periode, har ho også vore med på eit kvinnedominert formannskap då ho i delar av perioden 1999-2003 sat saman med to andre kvinner og to menn.
— Det var ingen som fokuserte på at kvinnene hadde fleirtal då. Det forbausa meg, seier Steinsland.
Tone Hatteland (H), som blir leiar av komité Oppvekst, synest det er positivt at kvinnene kjem opp og fram i nye Vindafjord.
— Men eg håper dei har valt oss fordi me er dugande og ikkje fordi me er kvinner, seier Hatteland.
— Føler du at kvinnene kjem for lett til makta?
— Det blir feil viss me går føre fordi me er kvinner, men det føler eg ikkje er gjort her. Det må vera like naturleg at kvinner skal ha ei leiarstilling som menn, seier Hatteland.
Sp, Ap, KrF og bygdelistene stiller ei felles liste til formannskapet. Det betyr at kvart kjønn må vera representert med minimum 40 prosent. Med tre kvinner er dei innanfor denne regelen.
Kor langt samarbeidet mellom den breie koalisjonen skal gå, er førebels uklart.
— Me må drøfta kor vidt me skal ha ei felles politisk plattform. Me ser for oss at me ikkje lagar eit altfor omfattande samarbeid, men det blir meir enn eit teknisk samarbeid, seier Bergsvåg.
Frp og Høgre utgjer saman dei to opposisjonspartia, men stiller kvar sine lister til formannskapet.
Det nye formannskapet kjem til å konstituera seg i byrjinga av november. Det første kommunestyremøtet blir halde 18. oktober.