Lyskastarane står der, og alt ligg til rette for å lysa opp kyrkja. Kva er det då som manglar? Jo, – pengar til straum! Det er sørgjeleg at vi skal ha så dårleg økonomi i kyrkja vår at vi ikkje kan ha lys på kyrkjene våre i vinterhalvåret. Kan vi gjera noko med det?
Eg har bede Fellesrådet i kyrkja om å oppretta ein konto i Etne Sparebank til straum for formålet, og skal vera den fyrste til å setja inn nokre kroner. Håpar at mange fleire vil vera med! Det skal ikkje så mykje til. Eg tykkjer det er så fint vitnesbyrd om ei levande kyrkje når eg ser opplyste kyrkjer i bygdene våre, og Stødle-kyrkja ligg så fint til at nesten heile bygda kan sjå ho når det kjem lys på. Kontonummeret er: 3543.13.28168.
Sigurd Stødle