Spesielt overraskande er det ikkje at renteauken kjem, i og med at økonomien er såpass heit som han er. Og sjølv med dagens rentenivå har me ei låg rente i Noreg. Renteauken og signala frå Gjedrem er likevel eit varsko til folk om å ikkje ta høgare lån enn at dei framleis må tåla ytterlegare auke i låneutgiftene.
Fleire økonomar etterlyser då også enda raskare renteauke enn den Svein Gjedrem signaliserer. Sentralbanksjefen vel likevel å halda fast på sin kurs, noko som er fornuftig. Signala i seg sjølv bør ha ein effekt og det er viktig at sentralbanksjefen ikkje strammar til for mykje for raskt, men tek små hopp oppover.
For ein skal også passa seg for å heva renta berre for hevinga si skuld. Ein må sjå situasjonen an og tenkja langsiktig. Det gjev også både næringsliv og private sjansen til å førebu seg på framtida, men samstundes er det mogeleg å gjera raske grep dersom det er naudsynt.
Det er mange faktorar som spelar inn når Noregs mektigaste økonom skal vurdera kva rentenivået bør vera. Ein ting er det private forbruket. Akkurat no er me inne i tida der kortautomatane, kassaapparata og kredittkorta går varme. Samstundes strøymer det på med brev frå ulike låneinstansar som tilbyr store lån utan tryggleik.
Forbrukssamfunnet me lever i gjer det lett å hoppa på slike tilbod. Alle skal ha alt i siste modell, og økonomien kan gå over styr. Det er difor Svein Gjedrem er sett til å vera barnevakt og passa kassa slik at det ikkje går gale. Dessverre er neppe varselet hans høgt nok til å overdøyva kjøpesentermusikken og støyen frå handlande som er ute for å handla dyre gåver til familie og vener. Det er jo først i januar at rekningane fløymer over i postkassane.