Må tenkja stort

Me vel å nytta hans ord når det gjeld bygging av Etne sport- og kultursenter. […]

Me vel å nytta hans ord når det gjeld bygging av Etne sport- og kultursenter. Her må både politikarar og bygdefolk løfta blikket og sjå opp og fram.

Det er snart 30 år sidan Etne samfunnshus stod ferdig. Det har om lag same forhistorie som det nye sport- og kultursenteret har. Innvendingane mot eit slikt gigantprosjekt, som det var den gongen, var mange og høgrøysta. Av mange motargument, var økonomien det mest sentrale. Huset var altfor kostbart å byggja og for dyrt å drifta.

Men huset blei vedtatt bygt, med knappast mogleg fleirtal, i Etne kommunestyre. Og etter at huset blei tatt i bruk første gong 17. mai 1979, har motstanden mot huset stilna. Trur alle i dag ser at det var rett investering i rett tid. Det har vore med og samla bygda på ein heilt unik måte. Alle lag av folket har hatt glede av huset, som i løpet av alle desse åra har stetta ei rekkje formål som ein elles måtte vore forutan.

I Haugesunds Avis onsdag kan me lesa at nå skal Odda ta av. Det skal investerast i gondolbane og det gamle Hotell Hardanger skal byggjast opp igjen. Det er Helene von Tangen-Lieugh som har forelska seg i Odda og ser store utfordringar i industribyen i Hardanger, som har slite med nedbygging og fråflytting dei siste åra.
Me oppfordrar politikarane i Etne til å tenkja stort og sjå opp og fram på same måte som sokneprest Mæland i Etne og Tangen-Lieugh i Odda. Dei som styrer i dag må kjenna sitt ansvar for framtida og kommande slekter. Hugs at er der vilje, finst der veg.