Med gevær for første gong

Nokon var dter for å sjå, men dei aller fleste prøvde å skyta før dei […]

Nokon var dter for å sjå, men dei aller fleste prøvde å skyta før dei la turen heim igjen. Ved å kun nytta den støysvake miniatyr-ammunisjonen (cal. 22), så var det muligheter for å ta ein drøs ute i sola medan ein venta. Skyttarlaget stilte med både brus og nygrilla pølser, men det viste seg fort at dei hadde bomma litt på talet på frammøtte, så det gjekk ikkje så lange tida før det var tomt på grillen.
Skytingens Dag er til for at flest mogeleg skal få prøva å skyta. Resultata blir ikkje lagt vekt på, men det viste seg mange skjulte talent bak geværa. Både foreldre og besteforeldre fekk prøva seg, – nokon skaut med støtte og andre ikkje. Sjølv med god rettleiing så vart det litt tungt å både sikta og skyta på ein gong for dei aller yngste. Men gleda over å skyta med «skikkeleg» gevær viste seg å vera stor. Og når diplom og ein liten klokkepremie kom i neven deira, så vart alle poenga som ikkje var der gløymde.
Skånevik Skyttarlag var svært nøgde med at 48 skyttarar deltok. Og at heile 14 av desse var jenter/damer var jo strålande.
Olav Samland