Med hjarta i Nashville

— Det er countryroser på dei, seier ho om dei blomstrete porselenskoppane ho set på […]

— Det er countryroser på dei, seier ho om dei blomstrete porselenskoppane ho set på bordet.
Den friske dama er opphavleg frå Bømlo, men ho er busett i Isvik i Skjold. Ho sprudlar rundt i ei kvit skjorte med dei rette frynsene på, medan ho finn fram bakst med heimelaga saft og kaffi til. Bøker om den amerikanske countrymusikken og artistane ligg i ein stabel på bordet, og det same gjer album med fotografi og autografar i. Ho har ikkje tal på kor mange artistar ho har møtt, og heller ikkje på kor mange plater ho har i samlinga si. Tre turar til Nashville har det blitt, i tillegg til at ho har fått med seg ein del høgdepunkt på den norske countryscena. Teikna er mange på at musikken og kulturen som høyrer til er ein stor lidenskap. Æra for at denne verda opna seg for alvor for skjolda-dama etter at ho hadde runda 40, gjev ho til ein artist: Skeeter Davis.
Den verdskjende kvinnelege countryvokalisten frå Kentucky blei ein nær ven av Ingeborg.
Inviterte artisten heim
— Eg jobba til sjøs ein periode, og blei tilrådd ein kassett på sjømannskyrkja i Liverpool, fortel ho.
Og det var der det byrja. Skeeter Davis song langt inn i sjela til Ingeborg, som ho sjølv uttrykker det.
— Eg synst ho song som ein engel, seier ho, men har vanskeleg for å setje ord på akkurat kva det var som greip henne så sterkt.
Ho nemner mellom andre klassikaren «The end of the world», som ein av favorittsongane.
— Den slo igjennom meg etter ei bilulukke der Skeeter Davis sjølv nesten omkom, og ei venninne blei drepen, held Ingeborg fram.
I 1987 kom Skeeter Davis på Noregs-besøk, men til Ingeborg si store fortviling kom ho seg ikkje av garde til konserten.
— Eg sat heime og spelte og grein, hugsar ho.
Artisten kom igjen to år seinare, og då var det inga bøn. Skeeter Davis, Billy Walker og Teddy Nelson spelte i Haugesund, og til stades var så klart Ingeborg.
— Eg hadde lyst til å gje henne ein bukett og takke for fin musikk, men eg kjempa med meg sjølv for å finne ein måte å gjere det på utan å stikke meg fram. Det enda med at eg bestilte ein bukett og leverte den på hotellet der ho budde, fortel ho.
Stort sakn
Fram til då hadde Ingeborg nemleg hatt det som sin vesle løyndom at ho var blitt så glad i musikken til Skeeter Davis. Men då artisten kom på scena i Haugesund, byrja ho med å takke for «the flowers», og dermed var det gjort.
— Ein ven tok meg med for å helse på henne etter konserten. Ho såg like spent ut som meg. Me stod og kniste som jentungar og snakka på kvart vårt språk. Eg følte med ein gong at ho var som ei søster, fortel Ingeborg med glød i auga, og legg til at ho like greitt inviterte countrylegenda heim til seg i huset i Isvik dagen etterpå.
— Kjøleskapet var tomt og eg hadde berre lubbesild, minnest ho.
Men dei fekk laga til ei triveleg stund likevel, og ho viser fotografi – både frå den stunda og frå fleire møte sidan i Noreg og i USA. På veggene i stova hennar heng bilete av dei to i lag.
Sorga var stor då Skeeter Davis blei kreftsjuk for nokre år sidan og døydde no i haust.
Skreiv til radioen
Ingeborg byrja også å studere draktene i den amerikanske western- og countrytradisjonen, og ho sydde seg kjolar etter dei. Dessutan blei ho ein trufast lyttar til Countrymix med Kjell Egeland på Radio 102, der ho også har blitt intervjua.
— Det var det finaste programmet på heile radioen, men dei fann plutseleg ut at dei ikkje ville ha det meir. Då skreiv eg til radioen, og eg har aldri høyrt på den sidan, seier Ingeborg, som blei provosert då dei tok frå henne favorittprogrammet.
Næring til countryinteressa har ho likevel fått sidan gjennom Egeland, etter å ha vore med på turar han har arrangert til Nashville heile tre gonger. Den siste var i 1997. På Grand Ole Opry House har ho både høyrt på og møtt fleire av dei store, og på spørsmål om kven som er favorittane, nemner ho mange.
— Roy Acuff, Billy Walker, Charlie Pride, Hank Locklin, Jim Reeves, Stu Philips, Buck Owens, Little Jimmy Dickens, Bill Monroe, Jack Greens, Dolly Parton, Jean Shepard, Patsy Cline og Loretta Lynn, er berre nokon av namna på den lange lista ho har i hovudet.
Ekte country
— Det må vere ekte country, sånn som musikken var før. I dag er det fleire som har funne ut at dei vil rocke den opp, men det synst eg ikkje noko om, slår ho fast.
Men fullt så pessimistisk er ho likevel ikkje på vegner av samtidscountryen, for då ho såg Grammy-utdelinga på fjernsyn for nokre veker sidan, synst ho at ho merka ein ny tendens:
— Det verka som det var nokon av dei unge artistane som gjekk tilbake til det gamle.
Og julemusikken – jau, det er sjølvsagt country det og. Ingeborg har ein stabel med juleplater frå artistane ho er så glad i, men trekkjer fram «A Christmas Gift For You» med Ray Price, som den som set henne i best julestemning. Ho set plata på, og raude roser kjem fram i kinna nesten med det same.
— Du må få med ein ting til slutt, nemleg at eg ønskjer alle countryvener god jul, seier ho.