Det seier distriktssjef i Mattilsynet på Haugalandet, Torkel Myklebust.
I løpet av onsdag, torsdag og fredag føremiddag fekk Mattilsynet på Haugalandet melding om 15 daude fuglar. To av desse blei funne i Grannar- distriktet.
— Når me får melding om enkeltståande daude fuglar er det liten grunn til å tru at det har noko som helst med fugleinfluensa å gjera, seier Myklebust.
Etter at fugleinfluensa blei påvist i Tyskland har Mattilsynet auka beredskapen. Mattilsynet lokalt held seg til Mattilsynet sentralt og Veterinærinstituttet sine instruksar.
— Me har i aller høgste grad kontroll med situasjonen per i dag, men dersom me får utbrot av fugleinfluensa må me auka beredskapen og aktiviteten, seier Myklebust.
Normale tilfelle
Han ber folk om å vera merksame og gi beskjed om sjuke eller daude fuglar. Telefonnummeret til Mattilsynet er 06040.
— Me er glade for å få melding slik at me kan vurdera kva som skal gjerast. Me vurderer kvar einaste melding me får, men til nå har me ikkje vurdert nokre av meldingane som risikable for fugleinfluensa, seier Myklebust.
Dersom Mattilsynet ser på tilfellet som aktuelt for fugleinfluensa, reiser dei ut og tar med fuglane for å ta prøvar av dei. Dersom dei ikkje vurderer det som risikabelt, ber dei gjerne kommunen om å fjerna fuglane.
— I dei fleste tilfella lar me dei ligga. Dette er eit heilt naturleg funn i naturen, seier Myklebust.
— Er det trygt å la fuglane bli liggande?
— Slik situasjonen er nå, er det sikkert. Me får løpande risikovurderingar frå Mattilsynet sentralt og vil følgja desse, seier Myklebust.
I risikosona
Mattilsynet har ansvaret for beredskapen for dyrehelsa, medan kommunelegane har hovudansvaret for beredskapen for folkehelsa.
Myklebust synest det er viktig å få fram at fugleinfluensa er ein dyresjukdom.
— Sjukdommen er lite smittsam til folk. Fugleinfluensa kan smitta til andre dyr, dersom dei et smitta dyr, seier Myklebust.
— Kva med kattar som et fuglar?
— Det er heilt spekulativt på ein måte. Dei er borti småfugl og desse er ikkje i risikogruppa. Viss me får sjukdommen, får me han først hos villfugl. I den situasjonen me er i nå er det ikkje fare i heile tatt, men skulle det oppstå sjukdom, vil Mattilsynet setja i verk tiltak for å fjerna alle smitta fuglar, seier Myklebust.
— Kva med smittefare frå trekkfuglane?
— Risikoen er først og fremst knytt opp til trekkfuglane som kjem nå. Dei som er stadbundne lokalt utgjer ikkje smittefare. Trekkfuglane kan me ikkje gjera noko med. Me må berre gjera tiltak for å hindra å få det inn i kommersielle fjørfehald, seier han.
På Austlandet og i Rogaland blir risikoen for fugleinfluensa vurdert høgast, og difor er det i desse områda lagt ned forbod mot frittgåande fjørfe.
— Rogaland er eit veldig stort fjørfefylke med mange store fjørfebesetningar, som vil føra til store konsekvensar viss dei får sjukdommen. I tillegg har ein vurdert trekkrutene til fuglane og har i den samanheng peika på Rogaland, seier Myklebust.
— Meld frå om daude fuglar
Det seier distriktssjef i Mattilsynet på Haugalandet, Torkel Myklebust. I løpet av onsdag, torsdag og […]