Mista hengaren

Traileren frå transportselskapet DHL var på veg austover då uhellet skjedde på Austrheim ein liten […]

Traileren frå transportselskapet DHL var på veg austover då uhellet skjedde på Austrheim ein liten kilometer vest for Knapphus. Klokka 17.40 var vogna trekt vekk, og E134 vart opna for normal ferdsel igjen. Hengaren var lasta med papp og papir og var på veg til Oslo.
Operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at sjåføren plutseleg merka at vogna bak hadde sloppe taket. Han har forklart at det var den andre turen mellom Haugesund og Oslo utan at han hadde vore borte i hengarfestet.
Traileren blir i dag sjekka av trafikkstasjonen hos Statens vegvesen for å finne årsaka til at vogna losna frå hengarfestet.