Ho samla troppene på omsorgssenteret og andre stader i kommunen og fekk dei med seg for å demonstrera mot politikarane som ville gi dei oppvarma mat. Med sin sterke vilje til aldri å gi opp, vann ho og dei andre eldre til slutt kampen om maten.
I dagens Grannar står ein reportasje om ei anna modig kvinne. 95 år gamle Klara Agnete Lunde frå Ølensvåg har opplevd meir enn dei fleste. Ho reiste tidleg frå bygda. Ho tok utdanning som sjukepleiar og blei etter kvart både lærar og rektor ved same skule. Men utferdstrongen og lysta til å hjelpa andre førde henne vidare.
Under Koreakrigen på 50-talet, melde ho seg til teneste for FN. Av 100 kvinner som søkte om å få reisa, blei ho og tre andre kvinner frå Noreg plukka ut og utstasjonerte like ved Soul. Der arbeidde dei saman med 30 andre kvínner ved eit feltsjukehus. Klara hadde ansvaret for røntgenavdelinga og avanserte snart frå fenrik til løytnant og kaptein. For sin innsats under Koreakrigen blei ho dekorert med mange medaljar.
I dag bur Klara på Betanien Hospital i Bergen, men er ofte heime i Ølensvåg der ho har hus saman med ei syster.
Klara Agnete Lunde og Aase Handeland har to ting til felles. Dei er begge kvinner med stort mot. Klara som reiste ut i ein framand krig for å hjelpa og pleia soldatar på eit feltsjukehus og Aase Handeland som torer å «tala Roma midt imot».
Det er så lett å samla alle som bur på eit omsorgssenter eller ein sjukeheim i ein felles bås. Men der tar me grundig feil. Dei som bur der er like ulike på dei fleste område som alle oss andre.