Møtte statsråden på dekk

Statsråden var invitert til Sildajazz av Haugesund byutvikling, og mellom konsertane blei det også høve […]

Statsråden var invitert til Sildajazz av Haugesund byutvikling, og mellom konsertane blei det også høve til båttur og politiske diskusjonar. Om bord på Kystverket sin gamle losbåt, «Stavern», lufta Meyer synspunkt på kommunestruktur og kommunesamanslåing. Kommunestyrerepresentant og leiar i Ølen Høgre, Tone Hatteland, var med for å drøfte temaet. Ingen av dei to Høgrepolitikarane er i tvil om at Ølen og Vindafjord tar eit steg i rett retning når dei no slår seg saman, og overfor Grannar var moderniseringsministeren klar i sin bodskap.
Må endre kommunestruktur
— Det er openbart at dagens kommunestruktur ikkje er føremålstenleg og tilpassa dei viktige oppgåvene politikarane skal løyse for innbyggarane sine. Målet må vere å utvikle ei offentleg forvaltning med innbyggarane sitt beste som utgangspunkt. Me må oppnå best mogleg bruk av fellesskapet sine ressursar, og då må me stille oss spørsmålet om me er ein fornuftig organisasjon slik me fungerar i dag, meiner han.
Han rosar vidare dei kommunane som har tatt avgjersler i tråd med det Ølen og Vindafjord har gjort.
— Dei kommunane som har mot til å ta debatten og fatte vedtak om samanslåing stiller seg i front for å utvikle gode løysingar. Lokalpatriotisme kan ikkje få stå i vegen for det innbyggarane er best tent med, held Meyer fram.
Han skisserer ein visjon om at det innan år 2010 bør vere vedtatt å ikkje ha meir enn 300 kommunar i Noreg.
Styrker lokaldemokratiet
— Vil storkommunane kunne verke negativt på rettstryggleik og lokaldemokrati?
— Tvert i mot. Me ser til dømes at mange av dei små kommunane i dag har problem med å rekruttere personell med rett kompetanse. Dette er lettare i større kommunar. Kvaliteten på tenestene er avhengig av at ein får til å utvikle fagmiljø. Me er midt i kunnskapsrevolusjonen og me treng å kunne tilby folk nettopp utfordrande fagmiljø, seier Meyer, og bruker barnevernet som døme på ei teneste han meiner har betre vilkår i ein stor enn i ein liten kommune.
Også lokaldemokratiet trur han vil bli styrka med større kommuneeiningar:
— Større kommunar legg grunnlaget for å flytte oppgåver nedover frå sentralt til lokalt nivå.
Tone Hatteland skyt inn at det er hennar inntrykk at dei som jobbar i kommunen trivst med eit større miljø, og ho meiner ho opplever eit positivt engasjement i samanslåingsprosessen som Ølen og Vindafjord no er inne i.
Enklare kommunikasjon
Meir effektiv organisering av dei offentlege tenestene er ei fanesak i ministeren sitt moderniseringsprosjekt, og han meiner løysingane ligg snublande nær, som han sjølv uttrykker det.
— Den offentlege sektoren har vore ein sinkar i forhold til å ta i bruk teknologi for å forenkle kommunikasjonen. Det viktigaste eg kan gjere som moderniseringsminister er å ta i bruk dei verkemidla som finst for å gjere tenestene meir tilgjengelege for folk, seier han, og bruker bankvesenet som døme på ein bransje som har greidd å gjere nettopp dette.
— Ein måte å modernisere på er ved å bygge ned byråkratiet. Me må tenkje gjennom korleis me organiserar dei offentlege tenestene slik at ressursane strekk lengst mogleg, avrundar den engasjerte moderniseringsministeren, medan kalde reker og mineralvatn kjem på borda.