Hanne Krogh kom med gjesteartist og tenor Torstein Sødal frå Kristiansand for å levere ein julekonsert som mange kjem til å hugse lenge. Med seg på konserten fekk ho det nystarta koret frå Etne som debuterte med sine stemmer laurdag kveld. Ei stund etter kom barnekoret frå Etne ned salen med kvart sitt lys og var med og song på norsk og engelsk.
Konserten opna med sterke og kraftfulle orgeltonar frå keyboardet til Stein Austrud. Han spela saman med Tarjei Nysted musikken til konserten som sat perfekt til songen. Hanne Krogh minna publikum om at me er inne i den mørkaste tida av året, men likevel den lysaste. Ho framførde eit variert program med song og lesing, alt med utgangspunkt frå Bibelen. Ho fortalde mellom songane dramatisk og flott om Josef og Maria og frå juleevangeliet.
Glad i barn
Det viste seg fort at barn er Hanne Krogh si store glede. Ho hadde gjennom heile konserten dialog med barn, anten blant publikum eller på scenen. Ho spurte om det var eit barn i salen som ville vere med og synge Julekveldsvisa, og etter ei stund kom det ei jente opp på scenen. Dei song utan førebuingar Alf Prøysen si julekveldsvise i lag på ein flott måte, som nok rørte mange i salen.
Barnekoret frå Etne deltok i den siste delen av programmet. Dei unge songarane likte å stå på scenen og song det dei hadde. Saman med Hanne Krogh song dei kjende songar både på norsk og engelsk.
Ei unik dame
Torstein Sødal frå Kristiansand har i desse månadane vore med Hanne Krogh og teamet på turne med 25 konsertar rundt i landet. Han seier at Hanne Krogh er ei fantastisk dame å jobbe med.
— Eg har aldri hatt ein så god rådgivar. Ho er unik, og eg har lært enormt mykje på denne turneen me har hatt i lag, seier tenor Torstein Sødal om Hanne Krogh, og legg til at ho endå er på opptur.
— Eg trur faktisk at ho kan halde på i 30 år til med synginga, smiler han.
Sødal framførde «O helga natt» med si kraftfulle stemme på ein slik måte at samtlege i salen måtte få frysingar nedover ryggen. Saman med Hanne Krogh framførde han også andre julesongar. Til neste år held han fram prosjektet med musikk i Moldova, der han jobbar med funksjonshemma barn.
Likar seg i Etne
Hanne Krogh synst alltid det er kjekt å få komme til Etne, her ho også har slektningar. Ho har vore her fleire gonger og hatt julekonsert, og legg ikkje skjul på at ho ynskjer å komme her for å framføre konsert igjen.
— Det er veldig kjekt å få komme til Etne. Eg har vore her fire-fem gonger før, og håpar nokon inviterar meg igjen, seier ho. Det er fyrste gongen ho har vore på turne og sunge med Sødal, men synst det har vore veldig fint å ha han med.
— Saman med Sødal har me med oss to av dei beste musikarane i landet, og to teknikarar som reiser rundt. Me har jobba saman i mange år nå, og teamet fungerer veldig bra, seier Krogh, som er stolt over det teamet ho har med seg til Etne. I januar skal ho spele inn nokre songar i studio, før ho reiser til New York i ein månad for å leggje lange tankar for dei spanande prosjekta ho har på gang neste år.
Søndag hadde dei julekonsert i Vår Frelsers kirke i Haugesund der det var heile 900 førehandsselde billettar. Den siste konserten er i Mandal på tysdag.