Nå kjem kvardagen

Men ho er ikkje fullt så raus lenger. Verken mot nye Vindafjord kommune eller andre […]

Men ho er ikkje fullt så raus lenger. Verken mot nye Vindafjord kommune eller andre kommunar i riket sitt. Hennar svar på alt elendet som rår ute i kommune-Noreg, er at dei sjølve har skuld i det meste og at dei må sjå til å rydda opp i eigne hus. Sjølv ikkje klage frå partikollega Amund Enge i Etne har gjort inntrykk på henne. Det er nærmast nyttelaust å komma til henne med si naud. Det er som å skvetta vatn på gåsa.

Rådmann Helge Thorheim i nye Vindafjord førebur politikarane i dei to kommunane på ein hard kvardag. Framtidsutsiktene er svært dystre. Skal han klara å få den nye kommuneskuta på rett kjøl til ho blir sjøsett om vel eitt år, må det sterk lut til.
Han må redusera driftsutgiftene med 19 millionar fram til 2011. Først og fremst er det lønsutgiftene som skal under lupa. Skal han klara å spara inn dei nitten millionane må 40-50 årsverk bort.

Den økonomiske situasjonen er så dyster at han ikkje vil venta til samanslåinga før tiltak blir sette i verk. Han ber fellesnemnda (formannskapa i dei to kommunane) om å ta styringa alt nå når stillingar blir ledige i Ølen og Vindafjord. Eitt år før den endelege samanslåinga i 2006.
Det er nok ingen som misunner verken rådmannen eller politikarane den tøffe jobben dei har framfor seg. Men Thorheim har rett i at dei grepa som må gjerast må setjast i verk med ein gong. Sjølv om det kan bli tøft for nokon kvar, er det ingen som er tente med å gjera som strutsen å stikka hovudet i sanden.