Naboane måler styrke

Etne har aldri vunne over GrannKam, og treningskampane dei siste åra har enda uavgjort. Etne […]

Etne har aldri vunne over GrannKam, og treningskampane dei siste åra har enda uavgjort. Etne har difor mykje å bevisa.
— Det blir taklingar i knehøgd, seier Martin Moe, trenar for Etne.
— Det blir eit ope møte. Det blir fart, god stemning og intensitet, seier Moe.
— Håpet er at det blir ein god fotballkamp, seier Frank Abelseth, trenar for GrannKam.
Han har ikkje høve til å vera med på kampen fredag, men meiner saka er i dei beste hender.
— Harry Skulerud er leigd inn og han har masse historisk ballast, seier Abelseth, som oppmodar folk til å ta turen til Etne for å få med seg nabooppgjeret.

Rutine versus entusiasme
Etter årets to første seriekampar er begge trenarane nøgde med laga sine prestasjonar, men resultata har svikta litt. Etne har spela ein uavgjort kamp og tapt ein, medan GrannKam har vunne ein kamp og tapt ein. Fredagens heimelag, Etne, er ferske i 4. divisjon og har mindre rutine enn naboane.
— GrannKam har eit par spelarar som eg veit kan vera matchvinnarar. Pluss at dei har rutine på den slags oppgjer i 4. divisjon. Me misbruker for mange sjansar og manglar litt rutine, seier Moe.
— Eg har ikkje sett Etne på fleire år, men det eg såg i treningskampen i år, spesielt i 1. omgang, var prega av stor entusiasme. Den entusiasmen kjem ein forferdeleg langt med. Greier dei å halda det i 90 minutt, blir det vanskeleg, seier Abelseth.
— Men det blir litt entusiasme frå GrannKam også i eit slikt lokaloppgjer, trur Moe.
Dei to trenarane legg ikkje skjul på at eit nabooppgjer ikkje er som ein heilt vanleg fotballkamp.
— Litt spesielt vil det vera, seier dei.

Usamde
— Kva blir taktikken for kampen?
— Me har sagt i GrannKam at det me skal vera best på er førsteforsvarar. Viss me får til det, har me eit godt lag. Og så er det desse evinnelege marginane, seier Abelseth.
— Innsatsen i botn er grunnlaget. Yt me høg innsats, kan me prestera og då kan det bli eit hyggeleg resultat, seier Moe.
— Og resultatet blir?
— 4-3 til GrannKam, tippar Abelseth.
— Eg vil ikkje sei noko resultat, men det blir iallfall taklingar i knehøgd viss det blir 4-3, ler Moe, som røper at han trur på langt færre mål enn Abelseth.