NM-gull til Erik Grindheim

Noregsmeisterskapet i karate vart arrangert i Bergen førre laurdag. Erik Grindheim har deltatt i NM […]

Noregsmeisterskapet i karate vart arrangert i Bergen førre laurdag. Erik Grindheim har deltatt i NM heilt sidan 1997. Denne gongen var det hans tur til å gå sigrande frå matta.
Etnebuen, som frå før av har tre bronse frå NM, tykte det var ekstra kjekt at han denne gongen skulle få gull.
— Det var kjempekjekt at eg endeleg klarte å gå til topps, seier ein glad Erik Grindheim.
I finalen møtte han ein tidlegare australsk meister i karate.
— Det var bra nivå på NM i år. Det var hardt, men alt klaffa for meg denne gongen, seier gullvinnaren. Framover skal han slappe av etter ein hard kamp i Bergen. Grindheim, som for tida studerer i Bergen, har også ein 3. plass frå EM for to år sidan på merittlista si.
Flinke elevar
Elin Lothe Haga frå Ølen gjorde det også bra i karate-NM. Ho gjekk ut av meisterskapet med bronse i klassen Kyokushin utan kontakt.
Geir Havreberg frå Etne har i mange år vore trenaren til Erik Grindheim og Elin Lothe Haga. Etne karateklubb har tidlegare hatt fem NM-vinnarar, utanom sølv og bronse.
— Det er ei stund sidan Etne fekk NM-gull nå, så det var kjekt at Erik Grindheim kunne gå til topps denne gongen, seier Geir Havreberg. Han er godt fornøgd med resultata til Grindheim og Lothe Haga i NM.
Havreberg som også er landslagstrenar, trenar opp gutar og jenter i karate i Etne karateklubb, som for tida har rundt 50 medlemmer.