— Me er kjempeleie av det. Heile familien var sjuk i fleire omgonger, og i tillegg må me kjøpa eller koka vatn heile tida, seier Karoline Dagsland.
Ho jobbar som barne- og ungdomsarbeidar i Skjold barnehage. Der går også hennar son Sondre på to år.
— Eg hugsar ikkje heilt kva tid me vart sjuke den første gongen. Det verka som det var så lenge sidan, men det var rundt den tida då det vart funne bakteriar i vatnet for tredje gong. Nær halvparten av ungane i barnehagen vart sjuke då. Ein dag var det så mange som åtte ungar som kasta opp her, fortel Karoline Dagsland.
Drakk i god tru
Barnehagen fekk mistanke om at det kunne ha noko med drikkevatnet å gjera og varsla kommunen.
— Men dei sa at alt var i orden, og me heldt fram med å drikka vatnet frå springen. Dagen etterpå såg me lappen på butikken i Isvik om at drikkevatnet måtte kokast, seier Karoline og løftar oppgitt på augebryna.
Både Karoline Dagsland og sonen Sondre var sjuke to gonger kvar. I ein dryg månad sleit dei med magesmerter og oppkast.
— Det varte lenge fordi me var sjuke kvar vår gong. I tillegg vart sambuaren min sjuk rundt nyttår. Først trudde eg det var ei vanleg omgangssjuke, men så høyrde me om bakteriar i vatnet, fortel Dagsland.
Saknar bading
Lille Sondre vert veldig ivrig då han får lov å skru opp vasskranen for bilete si skuld.
— Han er svært glad i å bada, men nå får han berre dusja. Han er for så vidt frisk, men han klagar framleis over vondt i magen. Det hender at han vaknar om natta og grin, fordi han er dårleg i magen. Men han er elles i god form og har slutta å kasta opp, seier mora.
Ho vil prøva å bruka kokt vatn også til tannpuss.
— Til nå har me ikkje gjort det. Men minstemann svelgjer vatnet ned, og det kan henda at det er nok til at han får vondt i magen etterpå, seier Karoline Dagsland.