Ny banksjef på kroken

Hans Kristian Torske vrir seg litt i stolen når han skal forklare om han har […]

Hans Kristian Torske vrir seg litt i stolen når han skal forklare om han har fått jobben som banksjef for Sparebank 1 SR-Bank Ølen pluss Vindafjord. Han vil ikkje akkurat kalle seg banksjef på prøve, men det er sannsynleg at fungerande blir fast på eitt eller anna snarleg tidspunkt dersom han finn seg til rette med jobben.
Tidlegare banksjef Randi Rettedal slutta for snart eitt år sidan. Sidan januar har banksjef for SR- Bank i Haugesund, Arne Moe, også hatt sjefsansvaret for banken i Ølen.
Ekstern utlysing førte ikkje at det vart tilsett ny banksjef i Ølen. Dermed starta jakta internt i SR-Bank. Hans Kristian Torske kjem frå banken i Haugesund der han var kunderådgjevar. Han har også plass i SR-Bank sitt eige utviklingsprogram for talent.
— Det er flott at banken satsar på å utvikle sine eigne folk gjennom kompetanse. Banken satsar på folk som er motiverte for å ta eit steg vidare. I den samanheng var det naturleg å ta utfordringa som banksjef her i banken, seier Torske.

Rokkering
På fritida fyller han også på med modular til mastergrad på Bedriftsøkonomisk Institutt.
Han har vore fungerande banksjef i snart ein månad. Banken i Ølen og på Knapphus har felles leiing, og Torske har ein fast dag i veka i Vats. Då han kom til Ølen vart det ei rokkering i banken der Thorbjørn Jacobsen tok Torske sin plass som kunderådgjevar i Haugesund.
— Eg har tatt over kundeporteføljen hans, og eg er godt mottatt både av kundar og tilsette. Bank er spennande fordi dagane sjeldan er dei same. Ingen kundar er heilt like, fortel han.
Det er privatmarknaden og landbruk som er kundegruppa i distriktet. Lokale bedrifter som er aksjeselskap, sorterer under Haugesund.
— Dette skiljet kom for nokre år sidan. Tankegangen er at aksjeselskap er annleis enn private kundar, mellom anna når det gjeld risiko. Difor er det naturleg med eit eige fagmiljø for denne delen.

Romsdaling
Moldensaren slo seg ned i Haugesund etter at han var ferdig på høgskulen og gifta seg . I løpet av dei seks åra har det blitt tre barn. Han har lite tid til overs utanom familie, bank og studium.
— Om det har betydning kven som sit i sjefstolen i ein bank? Det er først og fremst teamarbeid. Produkta er like i bankane, og det handlar om å bruke dei på rette måten til beste for kunden. Målet er å ha tilfredse kundar og trivnad på arbeidsplassen som kan smitte over utad. Slike ting vil nok ein sjef kunne påverke, meiner Torske.
SR-Bank har to tilsette i banken i Vats og seks i Ølen. I følgje Torske er det ein generell trend at regionbanken har fått mange relativt unge banksjefar i det siste.