Dermed vil det uansett påverka arbeidsmarknaden i næringslivet vårt som slit med høgt kostnadsnivå. Det er ikkje vanskeleg å sjå konfliktstoff. Arbeidstakarrettar og lønsnivå kjem under press. Bedrifter kan bli pressa til enten å leggja ned, flytta verksemda eller tilpassa seg. Konkurranse om arbeidsplassane på pris og kvalitet. Forsvar mot dette er auka kompetanse. Den høge norske sysselsettinga kan i lengda truleg berre haldast oppe ved at det blir utvikla nye, kunnskapsbaserte produkt som både er etterspurde og så fast knytta til lokale særnorske tilhøve at verksemdene ikkje kan flyttast eller takast frå oss.
Kysten har mange naturgitte føresetnader for eit variert næringsliv og stort potensiale for utvikling av nye og etterspurte spesialitetar, – med energi- og prosess, offshore, maritim, havbruk og reiseliv. Men for nye produkt vil krava til kompetanse berre stiga. Difor bør kompetanseutviklinga spissast mot dei bransjane der Noreg har spesielle vilkår for å kunna lukkast.
Hydrogenutvalget har nyleg levert rapporten sin til departementet: «Hydrogen som fremtidens energibærer». Dette er meir enn for spesielt interesserte då den teiknar bilete av teknologi som er venta å bety mykje for utviklinga av samfunnet vårt, teknologi som dei fleste etter kvart vil møta i kvardagen. Det nyopna vind- og hydrogenanlegget på Utsira høyrer med her. Men då trengst kunnskap om hydrogen og kva hydrogenteknologi kan utviklast til, og då blir vel dei fleste av oss svar skyldige. Dette er berre eitt døme på muligheter og utfordringar for det nye Vestlandet.
Stortinget har nå vedtatt ny ordning for skulen der det vert lagt mykje meir vekt på kunnskapsformidling. Dette skal me ønska velkommen. Me skal og ønska velkommen ei styrking av lærarutdanninga, for i det enorme og kaotiske tilfanget av «kunnskap» av dei forskjelligaste slag treng elevane kyndig rettleiding for å finna fram til kva som er matnyttig kunnskap. – Men for å orientera seg om den framtidige arbeidsmarknaden bør det bli eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv for å få tydelegare fram kor dei spennande mulighetene og utfordringane vil koma og kva slag kunnskap som trengst. Det er viktig for oss alle at dei som skal velga utdanning ser både utfordringane og mulighetene.
Kjell Sandaker,
leiar i Sveio Sp