Den store flatsalen har ikkje alltid vore den rette ramma rundt kulturarrangement, og det har også lagt ein dempar på aktiviteten i huset. Samfunnshuset har rett og slett vore uaktuell som arena på ein del område, spesielt for tilreisande teater og kulturinnslag. Men no ventar initiativtakarane ein ny giv for den kulturelle storstova.
— Det blir eit løft for samfunnshuset og kulturlivet, og vi får ei skikkeleg storstove for Vindafjord. No blir det slutt på å strekkje hals for å sjå noko, seier Leif Gunnar Gundersen, leiar for husstyret i Ølen samfunnshus.
Produsert i England
No er amfiet bestilt og rammeverket er under produksjon i England, medan stolane blir laga hos leverandøren Skeie AS i Sandnes.
— Ølen stod i fare for å miste tippemidlar sidan det ikkje vart noko av allaktivitetshuset. Det viste seg å vere eit godt argument for å få amfiet på dagsorden. Fylkeskommunen har vore veldig positiv, og dei lar midlane til det planlagde aktivitetshuset gå inn i amfiet. Den same positive haldninga har vi møtt over heile linja, forklarer Leif Gunnar Gundersen.
Saman med Jan Henry Grindheim, Torstein Hauge og Georg Matre jr i prosjektgruppa, har han fått ting til å skje med ekspressfart.
Mobilt amfi
Budsjettet er på nesten to millionar kroner, og 600.000 kroner i tippemidlar er klare. Ølen samfunnshus garanterer for eit lån, men håpet er at søknader om støtte hos SR-Bank, Haugesund Sparebank, Vindafjord Arbeidsgiverforum og Vindafjord kommune skal føre fram.
— Vi har fått positiv respons, og målet er at amfiet ikkje skal bli økonomisk belastning for Ølen samfunnshus, seier Torstein Hauge.
— Samfunnshuset har ein sentral plass i hjartet hos mange, og det passar bra med premiere på Himkok sin revy under opninga 18. mars. Dei har bidratt mykje til samfunnshuset, seier Jan Henry Grindheim som er fast lydmann i nesten alle samanhengar.
Fleire frontar
Samfunnshuset får eit mobilt amfi med 247 stolar i amfiet. I tillegg er det bestilt 150 nye stolar som kan stå framfor amfiet og danne ein heilskap. Amfiet dekkjer litt over halve salen, og det kan plasserast heilt fram til scenekanten om nødvendig.
— Samanslått går det utruleg nok berre ein meter og 25 centimeter ut frå veggen. Det blir valfritt kor mange stolar ein vil ha framfor, og dermed kor langt fram amfiet skal vere. Fire personar kan rydde salen på eit kvarter, så det blir ganske lettvint, seier Grindheim.
Dermed får huset behalde storsalen som før sjølv om det blir amfi.
Torstein Hauge opplyser at dei har sondert terrenget med blant andre Ølen vidaregåande skule som kan bruke samfunnshuset til diverse formål.
— Vi skal også kjøpe inn utstyr som gjer det aktuelt for næringslivet å bruke huset til kurs og konferansar. Her blir det plass til 400 om det trengst, forklarer han.
— No er det berre for ungdomslaget å gå i gang med teater. Det var dei gode på før, seier Grindheim.
Leif Gunnar Gundersen reknar det som sjølvsagt at fleire vil trø til for å få eit allsidig kulturprogram i samfunnshuset. Men kino har dei ingen ambisjonar om å få i gang. Det er ikkje plass til fleire enn Etne kino i distriktet, er konklusjonen.
I løpet av ei veke i mars skal heile jobben vere gjort, og det er klart for nypremiere for Ølen samfunnshus.