Me kan ikkje lenger vera fornøyde med at reisande frå Ølen,Etne og Kvinnherad skal ha ein time lenger reisetid enn nødvendig på å reisa til Bergen med snøggbåt. Det er ein omveg over Leirvik-Rubbestadneset-Hufthamar og det tek for lang tid.
Kvinnherad Arbeiderparti meiner at Stord, Bømlo og Austevoll er svært så heldige når det gjeld offentlege kommunikasjonar mot Bergen, Både når det gjeld ferje, snøggbåtar (Flaggruta) og bussamband.
Fylkeskommunale styresmakter og trafikkselskapa bør no priorotera reisande frå Ølen, Etne og Kvinnherad med ei kortare reisetid på denne strekkja.
Det hastar med å få inn nye snøggbåtar med større fart og bedre komfort som ilag med ein tilpassa rutestruktur kan gje eit langt bedre snøggbåttilbod.
Kvinnherad Arbeiderparti arbeider framleis for timefrekvensar Sunde-Ranavik-Leirvik.
Synnøve Solbakken,
Kvinnherad Arbeiderparti
Ny snøggbåtrute til Flesland og Bergen
Me kan ikkje lenger vera fornøyde med at reisande frå Ølen,Etne og Kvinnherad skal ha […]