Nye i Etne Senter

I desse dagar er kontraktar med to nye butikkar på plass i Etne Senter. Den […]

I desse dagar er kontraktar med to nye butikkar på plass i Etne Senter. Den eine er kledebutikken «Liten og stor» med innehavar Marianne Øverland. Målgruppa her er mellom 0 og 16 år, og hovudleverandør blir Bestseller. Ho fortel også at ho kjem til å ha litt mammaklede.
Øverland seier ho gler seg, og at dette blir spennande. Ho har ingen praksis frå butikkyrket tidlegare. Nå kjem ho frå offshorenæringa, og har jobba 16 år i Statoil, frå 1998 offshore. Ho har sambuar og to barn på fire og eitt halvt år, og halvtanna år.
Zporty butikk
Den andre nye butikken, er sportsbutikken «Zporty» med dagleg leiar Magnar Larsen. Han var før helga i Oslo og gjorde avtalar med fleire leverandørar. Han fortel at det blir Stadion-kjeda med vanleg sportsutstyr hovudutvalet vil kome frå.
— Det greie med denne kjeda er at vi kan velje kva vi sjølve skal selje, og ikkje måtte ta i mot andre vareslag som kjeda har bestemt. Parolen for oss blir å skape eit godt miljø med godt utstyr i ei aktiv og positiv fritid, seier han.
Nå gler han seg til å starte. Med seg i leiinga, har han Frank Abelseth og Sigmund Lunde.
Snart fullt
Representant for Etne Senter, Ole Strømø seier at senteret begynner å fylle seg, og at det nå berre er 400 kvadratmeter som ikkje er beslaglagt.
— Men vi er i forhandlingar med fleire. Desse vil ikkje bli klare til opninga, men utpå våren vil vi garantert ha fylt senteret, seier han.