Nye toner, gamle tekstar

I samband med jubileumsåret har skulen hatt Ingvar Moe-kabaret, og ein byste skal reisast i […]

I samband med jubileumsåret har skulen hatt Ingvar Moe-kabaret, og ein byste skal reisast i desember til minne om Etne-diktaren. No er det Ungdomslaget Fram sin tur til å heidre Moe.
– Filosofien er å bringe Ingvar Moe si dikting inn i framtida. Litt skjemt, litt alvor og litt høgtidleg, det er Moe anno 2006. Me bryt kanskje litt med kabaretsjangeren, men vel å kalle det ein kabaret seier Sverre Eikanger, leiar i teatergruppa til U.L. Fram.

Kjente tekstar
Det var den tidlegare leiaren i Fram, Geir Davidsen, som fekk ideen om ein ny kabaret i samband med 70-årsjubileet til Ingvar Moe. Han spurde om ikkje teatergruppa kunne setje saman noko. Det er ti år sidan gruppa sist presenterte tekstar av Ingvar Moe, og tida var inne for ei ny feiring. På vårparten byrja tenking, planlegging og skriving, medan den faktiske øvinga starta i august.
Astrid E. Hjelmeland har regien, medan Jimmy Næs, Erik Kvalheim og Nils Halleland står bak det musikalske. Dei har nytta både godt kjente og mindre kjente tekstar og sett melodi til.
– Mange kjente tekstar har fått ei ny presentasjonsform, men det er mykje folk vil kjenne att. Både Husmorvikaren og Vestlending i meg har me nytta, fortel Eikanger.

Vel kostyme sjølv
I orkesteret saman med Nils Halleland sit Arne Haugen, Anders Lunde og Rune Rødne. Dei spelar alle for revygruppa i Ølen og er henta inn for høvet. Ei anna som er henta inn utanfrå er scenografen Aud Sigrid Flesland. Ho har stor erfaring innan scenografi og har mellom anna hatt jobbar på Det Norske Teater, Haugesund Teater og Nordlands Figurteater. I tillegg til kulissane er det ho som har ansvaret for kostymer.
– Det som er uvanleg ved denne produksjonen er at skodespelarane i stor grad sjølve vel kva dei vil ha på seg. Eg har komme med forslag, men dei fleste har hatt ein ide om korleis dei bør sjå ut og så har me tatt utgangspunkt i det, seier Flesland.