Nytt løft for samfunnshuset

Det er fem år sidan dei første planane vart lufta, og no kan Elise Tokheim, […]

Det er fem år sidan dei første planane vart lufta, og no kan Elise Tokheim, Olaug Mari Øen og Jostein Apeland endeleg ta ein kikk på arbeidet som er i gang.
Maskinene grev ut der det skal bli eit påbygg, både over og under bakkenivået langs store delar av samfunnshuset.
I desember skal det heile vere ferdig.
Dagens krav
— Det er eit gjennomtenkt prosjekt. Vi har ikkje hatt hastverk, og no er vi endeleg ved målet. Det er snart 25 år sidan sist vi gjorde noko med samfunnshuset, og vi kan ikkje stå stille. Det er eit passe tidspunkt å fornye seg, seier Elise Tokheim, veteran blant støttespelarane til samfunnshuset.
— Folk forventar seg meir i dag og då må vi kunne tilby fasilitetar etter dagens krav, seier Jostein Apeland.
Han er med i Sandeid Ungdomslag som er den mest aktive brukaren av samfunnshuset på scenefronten.
Teatermannen er alt i gang med å glede seg til at publikum får eit endå betre møte med scenekunsten når amfiet er klart.
Utviklar huset
Kort fortalt blir det bygt ein ny vestibyle på 180 kvadratmeter og ei endå større utviding av kjellaren som skal huse ei innandørs skytebane. I tillegg får hovudsalen eit mobilt amfi. Amfinemnda var på kulturhuset i Fitjar og såg på eit amfi der denne veka, og dei skal snart bestemme seg for løysinga i Sandeid.
— Ny foajé har vi sakna lenge, og den opnar for meir fleksibel bruk av samfunnshuset, seier Tokheim.
— I tillegg til at vestibylen opnar for ein heilt annan bruk av samfunnshuset, har den gamle vore ein propp ved store arrangement og det har nesten ikkje vore råd å ta seg fram, seier Olaug Mari Øen, leiar for Sandeid samfunnshus.
Samfunnshuset har i det siste også fiksa opp kjøkkenet og kjøpt inn nytt ustyr.
Mange bidrar
Ho føler seg trygg på at samfunnshuset har råd til å takle utbygginga, ikkje minst på grunn av andre aktørar som har gått inn med pengar. Samfunnshuset skal maksimum låne 700.000 kroner, og har litt kapital igjen i kassa.
Ungdomslaget, Sandeid handelslag, Vindafjord arbeidsgivarforum og Rogaland fylkeskommune er blant dei største bidragsytarane i reine pengar. Sandeid skyttarlag og Vindafjord skyttarlag går inn med millionsum til skytebanen i kjellaren.
— Dugnaden er viktig og fleire har sagt at dei vil gi ei gåve. Frivillig innsats har gitt oss ei god drift i fleire år. Dei reknar med at huset blir endå meir brukt, seier Øen.
No ventar dei også på at Vindafjord kommune skal trø til med eit tilskot til prosjektet.
— Det er slike tiltak som gjer det triveleg å bu i bygdene våre. Kommunen bør ikkje kome gratis frå det. Vi får ikkje ei krone til drift, seier Apeland.
Aktivitetssentrum
Han understrekar samfunnshuset er bygdefolket sitt hus der lag og organisasjonar er pådrivarar.
— Med foajé, kafé og storsal kan vi har tre parallelle arrangement om vi vil, og det blir plass til 400-500 menneske. Målet er å utvide kulturtilbodet. Det bør kunne bli større mobilitet mellom bygdene for å ta del i tilbod, seier Apeland.
Området ved samfunnshuset er blitt eit aktivitetssentrum i Sandeid. I tillegg til samfunnshuset blir kunstgrasbanen brukt store delar av døgnet nesten heilt året. Litt lengre borte er gamleskulen der både 4H og orkester har base.