— Om kampane går i eitt, er avhengig av kor mange lag som blir med. Men uansett blir det finalespel i 17-17.30-tida laurdag ettermiddag. Om nødvendig tar me ein pause før finalane. Det seier Leif Kro, formann i GrannKam.
Tidlegare år har tilbodet vore retta mot gutar og jenter i distriktet over 16 år. Men i år som i fjor blir det ei klasse for old-boys, saman med bedriftslag. Dette var svært vellukka under turneringa i fjor. Det er eit ønske at desse laga er så frie for aktive spelarar som mogleg, men utan at dette blir kravd.
Kampane blir spela på stor bane med handballmål, og kvart lag stiller med fem spelarar medrekna målvakta.
Håpet er å få 40 påmelde lag. Påmeldingsfristen er 31. desember.
Turneringa betyr mykje for GrannKam, då den er ei av hovudinntektskjeldene til klubben.
Nyttårsturnering med GrannKam
— Om kampane går i eitt, er avhengig av kor mange lag som blir med. […]