Ønskjer fleire timar i døgeret

Det er med andre ord også det einaste som skil denne dagen frå dei fleste […]

Det er med andre ord også det einaste som skil denne dagen frå dei fleste andre i Hetland sitt noko travle liv. Difor må nok feiringa også setjast litt ut i tid.
— Det vert nok ein felles 95-årsdag for meg og kona, Anni (fylte 45 nyleg) til etter sommaren ein gong. For feira det må me, smiler den joviale jubilanten.

10 år i LLA
Planen var eit kort gjesteopphald som dagleg leiar i Landslaget for lokalaviser (LLA). Det byrja med eitt års permisjon frå redaktørstolen i Grannar. Etter to nye permisjonsår måtte han gjera eit val. No har han vore i LLA i meir enn ti år, og mykje tyder på at han ikkje kjem til å slutta med det aller første.
— Klart eg vert litt lei av og til. Kven vert ikkje det. Men for kvar gong me arrangerer landsmøte og eg treffer alle dei flotte folka som står bak lokalavisene, får eg kveik, påfyll og krefter til å gyva laus på eit nytt år. At eg også har fått mitt eige vestlandskontor på eigedomen heime, har gjort det litt enklare for meg, seier mannen som har opplevd ein eventyrleg vekst av medlemsaviser i LLA. Men som kanskje er endå meir glad for den statushevinga som har vore.
— I dag ser me rett som det er at folk går frå jobbar i dei store avisene for å ta seg arbeid i ei lokalavis, utan at nokon av den grunn ser på det som eit karrieresteg i feil retning.

Alltid fotball
Rune Hetland ser vel knapt ut som nokon stor fotballspelar. Men der kan ein koma til å bli lurt. Greitt nok at han i dag gjerne er meir skapt for last enn fart, men i ungdommen var han faktisk ein særs dugande spelar. Fast inventar på gutekrinslaget til Sunnhordland.
— Eg fekk også med meg nokre år med Bryne i ungdomen. Som A-lagsspelar var eg nok rimeleg ordinær. Det er likevel frå tida som A-lagsspelar, trenar og formann i Bjoa at dei beste minna kjem fram. Me skapte eit aldri så lite fotballeventyr. Tufta på kameratskap og eit utruleg flott miljø. Det var ein gullalder, og eg kjem aldri til å gløyma då me gjekk til topps i Sunnhordland. Slo både Stord og Odda på bortebane. Det var tider, minnest 50-åringen, som veldig tidleg tok på seg store administrative oppgåver i fotballen, og som seinare har hatt store problem med å svara nei på spørsmål om å hjelpa til. Difor er han også aktiv i politikken, har ein arm og to med i Vikebygdfestivalen og står framleis på for fotballen lokalt.
— Eg gler meg veldig til Vikeputten på laurdag. 50 lag og 80 kampar på ein dag. Då er det rimeleg bra trykk, forsikrar den litt over snittet fotballinteresserte avismannen.

Litt fleire timar
— Om det er noko eg burde ha gjort annleis på desse åra? Heilt sikkert. Skulle nok brukt meir tid saman med familien. I neste veke skal Anette konfirmerast. Linda har flytta ut for lenge sidan, og Tor Rune har alt runda 12 år. Skulle gjerne ha reist litt meir saman med kone og ungar. Til sommaren vert det tur på oss både til Københamn og Tyrkia. Det er då noko, meiner pappa Hetland.
— Om eg ønskjer meg noko til dagen? Er glad i ei god bok, sjølv om det ofte tek litt tid før eg kjem meg igjennom. Men mest av alt ønskjer eg meg litt fleire timar i døgeret. Men kven gjer vel ikkje det, smiler Rune Hetland.