Ope brev til Etne kommune v/Marit Ytreland

Bårerommet har i alle år vorte rekna som eit kapell som til dømes bedehus og […]

Bårerommet har i alle år vorte rekna som eit kapell som til dømes bedehus og kyrkja. Dei pårørande har i alle år brukt det til ei kjærkomen avskjedsstund med dei kjære avdøydde, saman med familie og vener med andakt og song. Og så ligg det jo så lageleg til, med eigen utgang og parkering.
Her verkar det som at ein ikkje har samvit og omtanke for andre. I dag er det visst å spara pengar som vert viktigast. Kva me føler og trur, betyr ingen ting. Var det ikkje naturleg at det fyrst vart undersøkte kva folket meinte om dette.
Nå er me alle rysta og sjokkerte over eit slikt overtramp på folk sine kjensler. Kva er meininga med dette? Skal det verta slutt på denne avskjedsstunda på sjukeheimen. Å ha den på rommet er ikkje bra av omsyn til dei andre bebuarane. Dessutan er romma for små.
Nei, lat oss få att bårerommet.

Anna Kambe