— Dette har ingenting med eit reint Noreg å gjera. Folk må vakna opp, og viss ingen plukkar det opp, blir det berre meir søppel, seier Bente Nesheim Johansen i Etne.
Ho reagerer sterkt på søppel som flyt rundt i naturen og oppfordrar nå alle til å ta i eit tak for å gjera bygda reinare.
Erik Kvalheim i Etne kommune, rektor Morten Odeen ved Enge skule og Leif Arne Løvereide er samde i at det er for mykje søppel som flyt omkring.
Ryddar i sentrum
— Det ligg litt psykologi i det også. Når det samlar seg ting på ein stad og ting forfell, akselerer det, slik at det forfell fortare, meiner Odeen.
— Me har ei vakker bygd, men ho er endå vakrare når ho er rein, seier Nesheim Johansen.
Nokre ryddedugnader er allereie på trappene denne veka, og gjengen rosar Etne sentrumsforening som kvart år tar initiativ til å halda sentrum reint. Torsdag skal dei fram igjen med søppelsekkene. Denne veka skal også elevar ved Enge skule plukka søppel i samarbeid med sentrumsforeininga.
— Me prøver å læra elevane haldningsskapande arbeid, seier Odeen, men understrekar at foreldra har den største påverknadskrafta. Dersom foreldra kastar søppel i naturen, er sjansen stor for at barna tar etter.
Dei fire oppfordrar kvar og ein til å bruka denne veka til å få bort noko av søppelet og det gjeld ikkje berre sentrum, men heile kommunen. Nesheim Johansen utfordrar spesielt bondelaget i Etne til å komma på banen.
— Viss me får til eit positivt løft, håper eg det spreier seg til Vindafjord og Tysvær også, seier Nesheim Johansen.
Sender dårlege signal
— Dette er snakk om alle. Det er like mykje vaksne folk som barn som syndar, meiner Nesheim Johansen, som seier det ikkje er flaut å plukka opp søppel når ein finn det ute i naturen.
Når turistsesongen nå nærmar seg, synest dei fire at søppel i vegkanten er svært dårleg reklame.
— Det er viktig å sjå samanhengen mellom turisme, handel, trivsel og identitet, seier Kvalheim.
— Søppel verkar direkte inn på vår eigen trivsel og det seier også noko om kva signal me sender til dei som kjører gjennom bygda, seier Løvereide, som meiner det er viktig å ha fokus på dette heile året.
— Me kan rydda oss i hel. Det er haldningane som er viktigast, seier Kvalheim.
Han seier at kommunen sikkert kunne ha plassert ut fleire søppelspann i sentrum, men at det også krev skikkelege rutinar for å tømma dei.
Denne veka har i tillegg Haugaland Interkommunale Miljøverk (tidlegare Toraneset) våroppryddingsaksjon.