Opptur med Ugress

Omlag 400 festivalgjengarar tok turen innom konsertane i bakgarden på Fugl Fønix i helga. Surferosa […]

Omlag 400 festivalgjengarar tok turen innom konsertane i bakgarden på Fugl Fønix i helga. Surferosa gjekk på scena til heller tynne publikumsrekker, men Mariann Thomassen tok sin vanlege energisprett på scena, og etter kvart kom det til fleire publikumarar. Sjølv om det berre blei halvfullt i bakgarden, gjorde Surferosa sitt til at dei oppmøtte fekk ein god dose rocka underhaldning på fredagen.
— Det kunne godt vore ein del meir folk på fredagskvelden, men me fekk gode tilbakemeldingar, seier dagleg leiar Audun Stene ved Fugl Fønix Hotell.

Lokal start
Laurdagskvelden skaffa heller ikkje ein full bakgard, men gode artistnamn og godt sommarvêr skapte den rette festivalstemninga. Anne Lise Frøkedal frå Etne gjekk på scena åleine denne gongen, og den lokale fanskaren stilte til nydeleg sjølvakkompagnert solosong. Frøkedal gav meirsmak, og publikum ropa etter meir då ho avslutta siste song.
— Har de nokon gong tenkt over det faktum at eg kanskje ikkje har fleire songar, spurte Frøkedal, som nyleg har teke scena åleine utan band. Men som soloartist blei ho godt motteken, blant anna frå publikumar Venke Knutson som var neste kvinne ut på scena.

—Heilt topp
Knutson klarte å pakka det største publikummet inn i bakgarden i helga, og hitane kom som perler på ei snor. Om ikkje publikum bobla over under konserten, var det mykje skryt å få for Knutson, som gav like gode tilbakemeldingar til publikum.
— Etne er heilt topp! Eg var her på marknaden i fjor og det var supert å komma tilbake, sa Knutson som gav den siste konserten sin før nokre dagar ferie. Og avslutninga på Fønix Festivalen feira ho i bakgarden med resten av publikum til det store stemningshøgdepunktet på festivalen. Trass i at ein del av deltakarane hadde forlatt konsertområdet, byrja det for alvor å koka i bakgarden då Ugress som siste artistar gjekk på scena rundt midnatt.

Ei oppleving
Soundprofessor Gisle Martens Meyers og perkusjonist mr. Igor i Ugress var ikkje dei mest kjende namna på festivalprogrammet, men for etnebuar har dei i løpet av fleire besøk på Fønix opparbeidd seg ein ihuga skare lokale fans, som bobla over av entusiasme under eit elektronisk eventyr av ein konsert.
— Ugress er nok ikkje eit like etablert artistnamn som dei andre under festivalen, og det var mange som fekk seg litt av ei oppleving då dei entra scena, fortel Audun Stene, som nøgd kunne avslutta festivalen med ein overbegeistra, dansande Ugress-meininghet i bakgarden.