På klassetur til Idol

– Eg tykte ikkje det gjekk så ille. Men etter at eg fekk dei nedslåande […]

– Eg tykte ikkje det gjekk så ille. Men etter at eg fekk dei nedslåande kommentarane frå domarpanelet, var eg budd på at dette truleg var slutten for meg. Difor kom det heller ikkje som noko overrasking at eg måtte byta ut den trygge blå sofaen med ein grå stol. At det til slutt var Malin som måtte forlata Idol, var derimot eit stort sjokk for oss alle. Gleda over at eg fekk vera med iallfall ei veke til, drukna heilt i sorga over å mista Malin, sa Mari, minuttar etter at avgjerda var eit faktum.
Dei to jentene klemde og trøysta kvarandre lenge og vel, og visste ein ikkje betre kunne ein tru at det var Mari og ikkje Malin som nett hadde fått vita at tida som Idol-deltakar var over.

Mobilmobilisering
Ein halvtime tidlegare:
– Om me fryktar at det er slutt? Det gjer me jo kvar fredag, men det kjem nok til å gå bra i dag også, lova Camilla Fosse Lunde, Åsne Odeen, Zalila Asheter og Idun Øvernes.
Kvartetten går i Mari si klasse på Ølen vidaregåande skule, og var mellom dei elleve som brukte helga i buss til og frå hovudstaden. For å få oppleve ein flik av Idol-eventyret til den populære klasseveninna si. I tillegg til å bruka 1.200 kroner på den kombinerte studieturen til Oslo, gjekk mobiltelefonane til jentene også heilt varme.
– Det har blitt litt større mobilrekningar etter at Mari hamna i den store finalen, fortalde jentene, men meiner så absolutt at det er ho verd.

På Stortinget
– Me er ikkje så reint lite stolte av å gå i klassen hennar. Og turen til Oslo var heilt topp. Etter at spenninga var utløyst i Nydalen, køyrde me attende til hotellet vårt. Fleire av elevane nytta også sjansen til å treffa Mari nokre seine kveldstimar.
Men ikkje seinare enn at gjengen frå klasse 2AAB på Ølen vidaregåande skule kom seg oppatt i rimeleg tid neste morgon.
– Frå ti til elleve laurdag formiddag var me på Stortinget og fekk ei omvisning. Timen etter var sett av til shopping. Etterpå var det rett i bussen og nye sju timar over fjellet, fortel Camilla Fosse Lunde.

Til fjells
Mari Vestbø og dei andre Idol-finalistane vart også purra tidleg denne laurdagen. Dei skulle nemleg til Norefjell for å laga musikkvideo. Det blei ein ny lang dag på jobben for kjendis-gjengen. Det er Idol-domar David Eriksen som har skrive musikken til ”Dreaming”, og handlinga skjer i hytta til ein annan Idol-domar, Tor Milde. Onsdag kjem melodien på radio, medan filmen skal vera klar til neste finalerunde, fredag 8. april. Så spørst det om Mari får restituert seg frå sår hals og påskeforbrenninga, og tek ein skikkeleg revansje når Idol-sirkuset rullar vidare om ei knapp veke.