På med piggane

— Folk kan gjerne skifta nå, men føret bestemmer. Det er lov å bruka hovudet, […]

— Folk kan gjerne skifta nå, men føret bestemmer. Det er lov å bruka hovudet, men viss alle ventar til snøen kjem, blir det kø. Så viss folk vil sleppa å stå i kø, er det lurt å skifta nå, seier Tormod Sandsgård, servicearbeidar ved Statoil i Ølensvåg.
Frå 1. november til første måndag etter 1. påskedag er det lov å kjøra med piggdekk.
Ved Statoil har det dei siste dagane vore jamt sig av folk som ynskjer å få vinterdekka på.
— Me merkar at folk vil ha dei på nå så det er nok å gjera, seier Sandsgård.
I følgje Sandsgård er det den eldre garde som er tidlegast ute med å få piggdekka på, medan ungdommen er blant dei som ventar lengst.
Våt is
Piggfrie dekk har ein lov til å kjøra med heile året, men også ved bruk av slike dekk skiftar mange mellom sommar- og vinterdekk. Ved Statoil bruker 90 prosent av kundane piggdekk.
— Talet på piggfrie aukar for kvart år. Me har eit klima med mykje regn, så frys det og blir is, deretter tinar det, og på våt is er det berre piggar som held godt, seier Sandsgård, som presiserer at det er opp til kundane sjølve å velja kva type dekk dei vil ha.
— Piggfritt er vel meir miljøvenleg?
— Det er det, men det blir sagt at viss alle kjører piggfritt, blir vegen glattare fordi ein ikkje har piggar som riv opp isen, seier Sandsgård.
Måndag var Sigrun Steine frå Etne innom på Statoil og fekk lagt på piggdekka. Ho fortel at ho har lang sideveg før ho kjem til hovudvegen.
— Eg gjer det for å vera føre var og nå synest eg det er på tide å få piggdekka på. Det er meldt både det eine og det andre føret, seier Steine.
Nils Rune Sjurseike ved Knapphus Dekksenter seier at det store trykket først kjem i byrjinga av november.
— Personbilane ventar i lengste laget med å få piggdekka på. Dei som kjører lastebilar, skiftar om til 1. november, men me har byrja å skifta på personbilar også, seier Sjurseike.
Føraren har ansvaret
— Kva skjer dersom ein kjører med piggdekk før 1. november og ein blir stansa av politiet?
— Viss folk har grunn til å bruka piggdekk, skal dei gjera det. Ein pliktar å sko seg etter forholda så det må vurderast i kvart tilfelle, seier Jarle Grindheim, politibetjent i Etne lensmannsdistrikt.
Han opplyser at det ikkje eksisterer noko forbod mot å bruka sommardekk etter 1. november.
— Men viss det er glatt etter 1. November, og ein kjører på sommardekk, kan ein bli oppfatta som uaktsam, seier Grindheim.