Pakkar inn med tradisjonar

Årets mest heftige periode for gåvepapir er over. Men for rosemålaren Unni Marie Lien i […]

Årets mest heftige periode for gåvepapir er over. Men for rosemålaren Unni Marie Lien i Ølen er det spennande tider når responsen på det nye papiret tikkar inn. Den første testen kjem i januar under ei messe for gåver og interiør på Lillestrøm. Der kjem også utsendingar frå USA.
Ny trend
Så langt Lien kjenner til, er det første gongen det er laga gåvepapir med rosemåling som motiv. Oppdraget kom frå Serviteur i Oslo som er marknadsleiande i butikkemballasje her i landet. Utgangspunktet var amerikanske kundar som ønskte gåvepapir med rosemåling. Også Dalarna i Sverige er aktuell for papiret, eit område prega av tradisjonelt handverk.
— Det blir spennande å sjå kor papiret slår an. Eg set pris på at nokon tør å lage eit papir med norsk handverk på. Det verkar som det blir godt mottatt. Rosemåling er frodig, fargerikt og har med seg gamle tradisjonar, seier Lien.
Trendfolk i bransjen har sett papiret og trur det kan ha framtida for seg. Rosemåling er langt frå plassert på museum. Minimalismen kan ikkje vare evig.
Eksklusivt
— Trendar og smak går i bølgjedalar. Det er flott om tradisjonelt norsk handverk er på veg tilbake i større grad. Vi kan jo ikkje satse på at alt vi har her i landet er frå Kina, seier Lien.
Rosemåling er heller ikkje unntaket: rosemåling made in China er også å få, med norsk opplæring i faget. Ein del av det ser grapse ut, er Lien sin konklusjon. Men også Lien møter seg sjølv i døra i Kina. På eit krus med rosemåling frå penselen hennar, blir laga i verdas mest folkerike land.
Serviteur satsar på eit solid produkt når dei har bede ein rosemålar designe motiv. Det er både spesielt og dyrt å lage.
Trykt i Sveits
Før jul var Unni Marie Lien hos trykkeriet i Wolhausen i Sveits som lagar papiret. Hos Stewo er det ganske uvanleg at designaren er med på prøvetrykket. Men så er også rosemåling spesielt med mange fargar og lasert botn.
— Det var godt at eg ikkje visste om trykkarane sin begrensingar på førehand. Då hadde eg sikkert gjort det litt enklare. Men fordelen er at eg har fått det slik eg ville. Det er blitt eit papir slik eg vil ha det.
Unni Marie Lien har drive Liens Rosemålarverkstad i snart 25 år med butikken strategisk plassert ved 134 i utkanten av Ølensjøen. Turisme og gjennomreise er viktig for at butikken går bra.
Vil ha særpreg
Ein kubbestol ventar på å få det rosemålte mønsteret, og ei kiste ligg også i oppdragsbunken.
— Det er tradisjonelle ting som framleis er aktuelle. I dag er det kanskje verst å få tak i den kvite kista, fortel rosemålaren.
Fat og gjenstandar med inskripsjonar er mest populære. Folk vil gjerne ha noko spesielt og personleg, forklarer ho. Gåvepapiret er ikkje første gongen ho designar til masseproduksjon. Lien har tidlegare også laga motiv for T-skjorte og krus. Eller for den del emballasje for riskrem.