Politisk engasjerte unge

Det dei kjempar mot er ei ny lov som vart pressa igjennom utan stemmegjeving i […]

Det dei kjempar mot er ei ny lov som vart pressa igjennom utan stemmegjeving i det franske parlamentet av statsminister Dominique de Villepin kalla CPE (contrat première embouche). Denne nye lova er eit av tiltaka den franske regjeringa set i verk for å kunne bekjempe den høge arbeidsløysa i landet ved å gi arbeidsgivaren rett til å sparke ein nyansatt under 26 år i ein periode på 2 år, utan noko form for grunngjeving. Det vil seie at leiaren i ei bedrift vil kunne sparke ein arbeidar berre fordi han er forkjøla. Det er svært vanskeleg å forstå korleis denne lova på nokon måte kan få ned arbeidsløysa i landet; ein bedriftsleiar som treng arbeidskraft vil ikkje trenge meir takka vere denne lova, og det einaste ein gjer er å auke usikkerheita hos dei unge med tanke på framtida. Som eit resultat av denne lova vil ein ha ein stor andel av befolkinga som kjem til å være arbeidslause i periodar, ved at dei vert ansette for nokre månadar for så å verte oppsagde igjen, og reelt sett er det kun tala i statistikken som vil forandra seg.
Det er difor eg har stor sympati med medelevane mine som no kjempar for å sikre framtida si mot den aukande liberaliseringa av det franske samfunnet. Men det er ikkje berre dei som deltek i rørsla mot denne lova. Skodespelarar, musikkartistar, og andre profilerte i samfunnet engasjerar seg i denne saka, noko ein ikkje har sett sidan det store studentopprøret i 1968. Nesten alle diskuterer «le CPE».
Til no har Villepin nekta å rikke ein milimeter, men ein kan spørje seg kor lenge han kan halde fram slik. Presset mot han er skyhøgt, og medlemmer av hans eiget parti (UMP) går imot han i frykt for den synkande populariteten no mot valget neste år.
Rørsla vil uansett fortsetje framover, elevane er motiverte, og seinast idag fekk eg ein lapp ved inngangen til skulen der det gjekk klart fram at kampen kjem til å halde fram heilt til lova vert trekt tilbake.

Even Fatland