Politisk ros og litt til

Høyrer folk let vel over godt politisk engasjement. Dei fleste av oss er hoppande glade […]

Høyrer folk let vel over godt politisk engasjement. Dei fleste av oss er hoppande glade for at me slepp å vere kommunepolitikar. Likevel er me heilt avhengige av at nokon gjer det viktige politiske arbeidet. Framtidsretta og godt politisk arbeid smittar over på oss andre innbyggjarar i kommunen som optimisme, bulyst og tiltakslyst. Sakene i år har nok vore både tids- og arbeidskrevjande. Rosen er til alle folkevalde, uavhengig av parti. Det er sunt med engasjement både for og imot. Det er grunn til framleis bygdeoptimisme.
Skal ikkje gå inn på enkeltsaker i lokalpolitikken, men ta med eit argument eg nyleg høyrde på gata: Ein utfordrande klatrevegg i Skakkesenteret er eit godt tilbod for m.a. energirike barn og unge som ikkje finn seg til rette i dagens fritidstilbod. Det er et godt argument! Det som og vil gleda oss i året som kjem, er eit stort ja til Skånevikstunnel og til ny E 134 veg i Stordalen. Bilane som me køyrer på europavegen må EU-godkjennast. Men ikkje europavegane. Nå må vegsjef og fylkeskommune tutla seg ut av Fløyfjellstunnelen og køyra ein kveldstur gjennom Stordalen. Ynskjer lokalpolitikarane lukke til neste år og!
Godt nytt år.

Leif Arne Løvereide
Etne