Fritidsklubben Public i tidlegare Litlehagen barnehage, fekk sin offisielle opning laurdag. Biljardbord og musikk er på plass, men endå står mykje arbeid igjen før alt er ferdig. Men ungdomane i Ølen var godt nøgde med sin nye møteplass. Leiar for husstyret Bente Kleppe seier at mykje om organiseringa av den nye fritidsklubben endå ikkje er bestemt.
— Eg håper vi kan ha ope måndag og onsdag, pluss diskotek på fredagskveldane, seier ho.
Det er foreldra og ungdommane som saman skal leggje lesten for drifta av klubben. Aldersgrensa blir 13 til 18 år.
Mykje dugnad
Det ligg mykje dugnad bak det som er ferdig, og meir vil det bli. Endå er ikkje andre etasje ferdig.
Ungdomane har vore med i heile oppussingsprosessen, og romma er blitt tenlege til mange aktivitetar. Det er mange alternativ når det gjeld det vidare arbeidet i huset, som ligg sentralt til, og som har vore ønskt av mange i fleire år.
Fleire ville hatt huset, men det var ungdommane som gjekk av med sigeren, og det var mange blide fjes å sjå då dørane opna, etter at varaordførar Peder O. Lothe hadde klypt snora.
Public offisielt opna
Fritidsklubben Public i tidlegare Litlehagen barnehage, fekk sin offisielle opning laurdag. Biljardbord og musikk er […]