Publikumsrekord på torget

Det kunne knapt vorte betre vêr i Skånevik då torgdagane vart arrangert for tjuande gong […]

Det kunne knapt vorte betre vêr i Skånevik då torgdagane vart arrangert for tjuande gong i helga. Fredag var det mykje regn, og det var litt usikkert korleis det kom til å gå med torgdagane. Men på dei tjue gongane torgdagane har vorte arrangert, har det berre regna to gonger, og ein gong litt skiftande regn.
— Det er sjølvsagt noko som me nesten må ha for at torgdagane skal bli ein suksess. Om det hadde regna her i dag, har me jo ingenting under tak, og då vart det eit problem, seier Victor Carlsen jr som har vore konferansier for torgdagane i atten år.
Folket som møtte opp kom frå heile distriktet, og det var i følgje Carlsen jr. mest sannsynleg publikumsrekord på torget i Skånevik sentrum laurdag.

Inntekter til idrettshallen
Torgdagane starta på fredag, då den tradisjonelle revyen vart vist fram i idrettshallen. Kring 3-400 personar møtte opp for å sjå revyen, som etter kvart har fått fleire og fleire lokale kreftar med ungdom som vil vere på scena.
— Revyen er ein suksess for oss, og ei veldig stor inntektskjelde. Heile dette arrangementet er arrangert av idrettshallens venner, og me prøver å få så mykje inntekter som mogleg for å halde oppe idrettshallen vår, seier Victor Carlsen jr.
Alle som syslar med torgdagane, anten dei sel vaflar eller ryddar boss, er med på ein dugnad og står på heilt gratis for idrettshalle.
— Me har enorme lokale krefter som står på med dugnad, og dei er me stolte av, seier Carlsen jr.

Variert program
Heilt frå klokka elleve til kring fire heldt programmet på torgdagane på. Korpset opna dagen med aspirantane som spela, og musikklaget spela igjen halv eitt. I samband med tjueårsjubileet til torgdagane, var det laga til eit jubileumsquiz der politikarar frå Høgre og Arbeidarpartiet kjempa mot kvarandre.
Det raude laget var Siri Klokkerstuen Kjellesvik og Margaret Bull Tornøe frå Arbeidarpartiet, og det blå laget var Amund Enge og Ole Funderud frå Høgre. Med spørsmål frå historia til Skånevik og torgdagane var det mykje dei visste, men også noko der dei måtte ha publikum til hjelp. Til slutt vart det ein knapp blå siger der Enge og Funderud fekk æra av å vinne jubileumsquizen. Det vart også eit «Torg-idol» frå scena i sentrum der mange unge song det dei klarte.

Kvalitet på torget
Det var ikkje kven som helst som fekk ha buer på torget, og ei gruppe har jobba med å få best mogleg kvalitet på handelen. Laurdag kunne ein sjå 23 utstillarar med buer langs gata i sentrum av Skånevik. På laurdagskvelden var det klart for utedans og Jukebox i Doktorhagen. På sundagen var det også noko på programmet då det byrja med natursti frå skulen klokka ti, og då kunne ein følgje naturstien som enda i Eikehaugen, der det var utegudsteneste klokka elleve. Skytingas dag var også lagt til sundagen på skytebanen.