Anten skulle det verta utpeika plassar kor rakettar kunne bli skotne opp, eller så skulle det berre verta oppskyting under offentleg regi. Kor er alle desse gode forsetta vorte av?
Jo, mest truleg er det at lommeboka til rakettprodusentar og seljarar er det som har lagt temaet stilt. Eit gamalt ordtak står nok ved lag, «pengane er det som styrer.»
Me har høyrt at ei arbeidsgruppe er nedsett i distriktet her. Den skulle utreda korleis nyttårsrakettar skulle skytast opp, og eventuelt kvar dette kunne skje. Denne gruppa har visst og arbeidd i det stille. Me har i alle fall ikkje sett eller høyrt noko.
No nærmar nyttårshelga seg med stormsteg, og det er ingenting som tyder på at alkoholkonsumet minkar i år. Då veit alle som har litt å tenkja med korleis det går. Rakettar på ville vegar.
Anne Aakra,
Skånevik