Vats-ræserne kallar dei seg, dei fem ungdommane frå Vats som bruker mykje av fritida si og lommepengane sine på bilsport. Det formeleg osar av fart, eksos, vilje og mot av namnet.
— Ho køyrer frå mange av gutane på banen i Vikedal, seier Ørjan, som tydeleg er stolt av lagveninna si.
Ligg i genane?
Fire av dei fem i Vats-ræserne er slektningar. Søskenparet Inger Lise og Aleksander Eikeland er tremenningar til både Anja og Ørjan. Helene Bådsvik kompletterar laget, og Anja trur helst at ho er i slekt med henne også, litt lengre ute.
Det nyttar ikkje å vera av det pysete slaget om ein skal hevda seg i bilcross. Ein kan lura på om mangelen på frykt eller andre viktige eigenskapar i motorsporten ligg gøymt i genane. Dette har ikkje ungdomane tenkt noko særleg over. Dei trivst i saman, og dei har ingen planar om å leggja opp.
— Me skal satsa for fullt neste år. Då skal me opp i toppen, slår Ørjan fast.
— Eg vil køyra så lenge økonomien strekk til, supplerer Anja.
Nett økonomien kan vera ein av dei tyngste bøygane i denne sporten. Det kostar å halda seg med bil, drivstoff og utstyr, og det kostar å reisa rundt på konkurransar.
Rallycross
Begge dei to ungdommane fyller 18 neste år. Då kan dei ta steget opp frå bilcross til rallycross, om dei vil og synest dei har råd.
— Det er dyrare med rallycross. Betre trimma bilar, og større bilar. Det er ein dyrare hobby, forklarer Anja, som ikkje har bestemt seg om ho skal prøva seg på rallycross når alderen gjev henne høve til det.
— Me må prøva å få sponsonar, slår Ørjan fast.
I bilcross er reglane slik at kven som helst kan krevja å kjøpa ein konkurransebil for ein bestemt sum. Dermed løner det seg ikkje å gjera for mykje med bilane. I rallycross risikerer ein ikkje å «mista» bilane, som det heiter i bilcross-sjargong.
Ut i Nordsjøen
Begge dei to Vats-ungdommane har sett seg ut yrkeskarrierar.
— Eg skal ut i Nordsjøen, som kjemi- og prosessoperatør, slår Anja fast.
For å førebu seg på det, går den 17 år gamle jenta på teknisk-mekaniske fag ved Ølen vidaregåande skule, og ho arbeider litt på WestCon.
Ørjan går på transportfag på vidaregåande i Haugesund, og han ser føre seg at han blir yrkessjåfør eller speditør.
— Har de tid til noko anna enn skulegang, arbeid og motorsport?
— Me er i med i 4H, begge to. Me reknar med å ta 4H-plaketten til neste år, lovar Anja, som er leiar i Freidig 4H.
Rasar frå konkurrentane
Vats-ræserne kallar dei seg, dei fem ungdommane frå Vats som bruker mykje av fritida si […]