For to helger sidan truga ein mann frå Ølen og nokre kameratar ein mann med balltre, og raserte ei leilegheit i Ølen. Årsaka til dette herverket er i følgje politioverbetjent Arild Austrheim ein påstand om at det hadde gått føre seg bruk og oppbevaring av narkotika i leilegheita. Det var og påstand om at det hadde vore mindreårige involvert.
Skuffa over politiet
Haugesunds Avis skreiv i går om ei gruppe i Ølen som har føler at politiet ikkje tek narkotikaproblematikken på alvor. Difor har dei oppretta ei såkalla borgarverngruppe, der dei vil ta saka i eigne hender. Borgarverngruppa fortel til Haugesunds Avis at dei gjerne knuser nokre bein dersom det er det som skal til for å få slutt på narkotikaomsetnaden. Denne gruppa vil ikkje samarbeide med politiet, for dei meiner politiet ikkje tek affære til trass for namngjeving på langarar.
Om det er ein samanheng mellom herverket i Ølen for om lag veker sidan, og borgarverngruppa som i går sto anonymt fram i Haugesunds Avis, ynskjer ikkje politioverbetjent Arild Austrheim å spekulere i.
— Det er ikkje straffbart å seie at du vil lage ei borgarverngruppe. Me kan ikkje seie noko om det er ein samanheng, for me veit ikkje kven som er i denne borgarverngruppa. Narkotika er trussel nummer ein for ungdommar i dag, og sjølvsagt tek me dette alvorleg, seier Austrheim. Han forstår frustrasjonen blant folk, men oppmodar om at dei ikkje tek saka i eigne hender, og heller samarbeide med politiet for å få ei god løysing.