Refsar mangel på respekt for eldre

Det meiner Vindafjord eldreråd med leiar Dominikus Bjordal (bildet) i spissen. Dersom kommunen ikkje lyttar […]

Det meiner Vindafjord eldreråd med leiar Dominikus Bjordal (bildet) i spissen. Dersom kommunen ikkje lyttar til sterke oppmodingar frå ei så stor gruppe, er det eit svik mot slitarane i bygdene i Vindafjord, seier rådet som er høyringsinstans i eldresaker.
Respektere eldre
Eldrerådet er skuffa over at rådmann Helge Thorheim på ny presenterer forslaget om å innføre kok/kjøl-kjøkken trass i sterke protestar frå dei eldre mot det dei kallar oppvarma mat. Rådet er derimot glade for at formannskapet og utvalet for omsorg vil ha tradisjonell middagsmat i eldreomsorga.
— Dette viser at menneskelege omsyn og respekt for dei eldre sine ønske er teken til følgje. Eldrerådet vonar, og har god tru på at kommunestyret følgjer dei politiske tilrådinga, meiner rådet.
Umyndiggjort
Rådet peikar også på at 400.000 sparte kroner ikkje bør bli det politikarane legg vekt på. Det er heller ikkje sikker på at det blir så mange kroner å spare, blir det påpeika.
Eldrerådet serverer også på fleire dilemma dersom dei eldre ikkje blir lytta til:
— Dei vil føle seg umyndiggjort, og få verdigheita redusert ved å bli handsama som ulydige born som ikkje vil ha maten dei ikkje likar, men som dei likevel må ete.
— Dette at dei styrande veit best kva som er best for dei eldre, bør vere avleggs. Dei eldre føler seg som annanrangs menneske med ei slik handsaming, meiner Eldrerådet i Vindafjord.
Kjøkkensaka skal opp i kommunestyret på onsdag.