Reklamerte for mediefag

Mellom 30 og 40 lokale bedrifter presenterte seg for ungdommar og foreldre under den femte […]

Mellom 30 og 40 lokale bedrifter presenterte seg for ungdommar og foreldre under den femte utdanningsmessa i idrettshallen i Ølen.
— Me synst det er viktig å gripe ungdommen før dei fer. Me vil vise at det finst eit rikt næringsliv i deira distrikt og at det er mogleg å satse på eit framtid her, seier Bjørn Johannesen, dagleg leiar i Indre Haugaland Opplæringskontor.
Opplæringskontoret arrangerte utdanningsmessa saman med vidaregåande skular og grunnskular i distriktet. Mange av tiandeklassingane hadde tatt med seg foreldre til messa, noko dei var blitt oppmoda om på førehand.

Har bestemt seg
Fleire bedrifter hadde gjort kreative grep for å vekke merksemda til ungdommane. Ein minigravemaskin frå Opplæringskontoret for Anleggs- og Bergfag, ein bil som demonstrerte stereoanlegg, ein politibil, ein demonstrasjonsmodell av lagersystemet Autostore frå Hatteland og laftemodell frå Kalstveit og Vik, var mellom innslaga som trekte folk. Håvard Eikemo, Svein Arne Almeland og Svein Magne Hardeland lafta på spreng for å få høgast mogleg bygg på ti minutt. Med 92 centimeter tok dei leiinga og nærma seg ein drill i premie. Trass i iherdig innsats med tømmeret, var det ingen av dei som hadde peila seg inn på byggfagleg studieretning. Mekaniske fag lokka meir.
Monika Sævareid, Eline Mæland, Hilde Stølås og Linn Heidi Stokkedal let seg intervjue og filme av elevar ved medielina i Etne. Det var likevel berre Linn Heidi som var sikker på at ho ville utdanne seg innan medium. Dei tre andre har peika seg ut hotellfag, dans og helsefag som studieretningar.

Mat på messa
Fleire av bedriftene er gjengangarar på messa, medan nokre nye hadde kome til i år. Mellom dei var advokatfirmaet Vik Vestly ans og handelsnæringa, som stilte med ein eigen stand.
— Butikkfag er jo ei stor næring her, kommenterer Bjørn Johannesen.
Både kokkelina i Ølen og ein del bedrifter freista med noko å ete. Felst folk trekte nok kokkene frå WestCon med taco, gulrotkake og kaffi.
— Taco er fast. Det er mat som ungdommane likar. Me ønskjer å fremje kokkeyrket og vise at me også driv med andre ting på WestCon enn det folk assosierar, seier kokk Maryann Haraldsen.
Sven Olav Eilertsen Fossa var mellom dei som forsynte seg av maten deira, men det var ikkje fordi kokkeyrket freista han.
— Eg har tenkt å byrje på byggfag, seier han.