Først då han var over sin første ungdom, tok Halleland til å springa i organiserte former. For fem år sidan fullførte han sin første maraton.
— Då me dreiv garden, hadde me aldri tid til slike utskeiingar. Det var først etter at me gav garden frå oss, at eg kunne driva med slikt, forklarer den spreke 63-åringen.
Slektsgarden med mjølkekyr og sauer dreiv han frå 1966 til 1992. Då overtok sonen som gardbrukar på Auastad.
Fekk tid til hobbyar
Det var ikkje snakk om noko pensjonisttilvere for Halleland. Han hadde vore i arbeid utanom garden i alle år, og det heldt han fram med. I mange år var han på meieriet i Etne, og nå køyrer han post. Men då femtiåringen gav frå seg garden, vart det frigjort tid til andre syslar. Slik som å sykla og springa.
— Eg kom med i Klypetussen, og byrja å gå på fjelltoppane der dei hadde bøker. Seinare vart eg med på løpa deira i Trongjo og Fjordalangs. Elles vart det ein del sykling, mellom anna Odda-Bø, fortel Halleland.
Dei første åra var det mykje sykling. I år 2000, som 58-åring, byrja Halleland å springa maraton.
— Ei målsetning er å springa fem maratonløp kvart år. Men det største målet er å runda 50 maratonløp i Noreg. Då får eg Maratonklubben sin statuett, smiler Halleland.
Per i dag er han bokført med 32 maratonløp. Han treng 18 til.
— Kor fort spring du?
— Eg har vore nede på 3 timar og 37 minutt, lyder svaret.
Berre åtte kilometer
Den vanlege treningsturen hans går heimefrå og rundt Litledalsvatnet. Det er åtte kilometer, og det er for kort til å få skikkeleg maratontrening, orsakar han seg.
— Kan du ikkje springa fleire gonger rundt?
— Jau, men når eg arbeider seint i Posten passar det så godt å ta ein runde. Først køyrer eg kona på arbeid, så reiser eg heim og spring rundt vatnet, og så går eg på arbeid sjølv, forklarer Halleland.
Elles trivst den spreke postmannen godt med å springa grytidleg om morgonen. Helst før folk flest er oppe, tek han på refleksvest og lykt på hovudet. Han kan vegen så godt at han berre skruer på lyset når det kjem bilar imot.
Han kan ikkje skjøna at lokalavisa kan vera interessert i å skriva om ein mann som spring rundt vatnet for løye, og som er med på nokre maratonløp i ny og ne.
— Maraton er vel og bra, men det likaste av det eg har gjort, er å sykla Trondheim-Oslo, lyder det.
Det 54 mil lange landevegsrittet var han med på i 1997, og han fekk tida 21 timar og 45 minutt.
Irritert på Djupedal
Politikk opptek også den aktive etnebuen. Ikkje det at han har vore spesielt aktiv i lokalpolitikken sjølv, men han vedgår at han tregar på at han var med og stemte fram regjeringsskiftet tidlegare i haust. Kunnskapsminister Øystein Djupedal sine disposisjonar får pulsen til å stiga.
— Me har ei skarve regjering. Hadde eg visst noko om alt dette tullet som han i SV har funne på, så hadde eg sanneleg stemt annleis. At dei ikkje skal få lov til å lesa eit bordvers i barnehagen, eller ha kyrkjeavslutning i skulen! Då er det kome for langt, seier ein engasjert Halleland, som kjenner seg medansvarleg for regjeringsskiftet.
— Eg meiner at Stoltenberg kan ta Djupedal i nakken og rista han, legg han til.
Snart pensjonist
Til nyttår sluttar Leif Halleland av som postbod. Då tek han sikte på å innreia kjellaren i murhuset han og kona bur i.
— Og så er eg interessert i slekta og i lokalhistorie. Og eg skal springa. Når eg pensjonerer meg, då skal eg leva livet, i positiv betydning, lovar maratonløparen i Litledalen.