Samarbeidsproblem i Vindafjord

I tillegg tydar alt på at Tverrpolitisk liste for Skjold og Vats har flytta seg […]

I tillegg tydar alt på at Tverrpolitisk liste for Skjold og Vats har flytta seg til høgre. Årsaka ser ut til å vera arroganse og strid blant fleire parti og dårleg kjemi innetter i kommunestyret.
I den situasjonen Vindafjord no er i må politikarane samarbeida. Ein kan ikkje leggja seg i kvar si skyttargrav å kasta skit på kvarandre. Hovudansvaret for at det vert samarbeid og dialog kviler på ordføraren.
Situasjonen no er ikkje haldbar for Arne Bergsvåg. Når fleirtalet sviktar, får han ein svært vanskeleg jobb.

Slik det no ser ut har ikkje Bergsvåg det politiske fleirtalet med seg til å styra Vindafjord. Då handlar det for ordføraren om å finna ein god veg ut av uføret. Han må syta for at dei som har utgjort fleirtalet, på ny finn saman. Det er inga lett oppgåve, men det er naudsynt.
Eit fleirtal av veljarane sa i valet at dei hadde størst tillit til at Arne Bergsvåg skulle klara denne jobben, men mange gav også varaordførar Reidar Håvås tillit. Begge er fornuftige personar som saman bør klara å få samarbeidet på skinner.

I tillegg skal tre bygdelister vera med på laget, noko som ikkje like enkelt når deira hovudmål er å jobba for sine bygder. Men også dei må sjå at kommunepolitikk handlar om at ein i fellesskap skal finna fram til dei gode løysingane som gjeld heile kommunen.
Lokalpolitikk handlar om at ikkje alle kan vinna kvar gong. Lokalpolitikk er å sjå til at alle innbyggjarane får eit best mogeleg tilbod uavhengig av kvar dei bur. Ein føresetnad er då at dei som innbyggjarane har vist tillit, får til eit samarbeid som er best for alle.