Samlar kulturkreftene

Kulturkonsulent Eva Kalstveit har kultursveising av ungdommar i den nye kommunen på tapetet. Først er […]

Kulturkonsulent Eva Kalstveit har kultursveising av ungdommar i den nye kommunen på tapetet. Først er det eit lite kulturseminar for å finne ut kva ein vil med kulturen i den tre månader gamle kommunen.
Deretter er det påskekonsert med Matpackers i Ølen samfunnshus og diskotek på ungdomsklubben Public rett over gata.

Kultursatsing
— Det er ei oppfølging av folkefesten i januar og vi vil fokusere på kulturkreftene i den nye kommunen. Med konserten håpar vi å samle ungdom frå fleire bygder. Det er ein måte å bli kjende med kvarandre på. Ungdomsklubben Hippo i Skjold skal halde stengt denne kvelden og dei vil heller reise på Matpackers-konserten i Ølen, seier Kalstveit.
I forkant av konserten skal inviterte frå lag og organisasjonar rette blikket mot ungdomskulturen. Der skal ungdomsarbeidet i Vindafjord kommune under lupa.
— Eit tema er ungdomsklubbane og måla vi skal ha for dei. Kor mange skal ein ha og kva ventar ein seg av kommunen. Ingen av klubbane vi har i dag er kommunale, seier kulturkonsulenten.
Det er ungdomsklubbar i Vikebygd, Skjold, Ølen og Vikedal.

Tvers av bygder
I følgje Kalstveit er det ein drøss med tilbod gjennom lag og organisasjonar, men som kanskje ikkje fangar opp alle.
— Kommunen skal vere eit bindeledd, og samspelet med dei frivillige kreftene er sentralt. Samarbeid på tvers av bygdene er eit viktig tema. Finne litt ut om kva ein gjer i lag eller kvar for seg. Enkelt sagt er det eit spørsmål kva vi vil med kulturen vidare, seier ho.
Kalstveit kjem ikkje utanom at det er forventningar til den kommunale pengesekken. Ho ser kommunen som pådrivar og tilretteleggjar, og ikkje den som skal stå for så mange kulturtilbod.
Det var for kort tid tilbake ei tilsvarande samling om kulturarbeidet generelt. Der vart det gjennomført ei spørjeundersøking, og tilsvarande undersøking for ungdomskulturen skal gi ein del svar for vegen vidare. Dei skal vere eit instrument for kulturarbeidet i Vindafjord.