Sats på utvikling

I dag er det meir som vere eller ikkje vere. Dei fleste kommunar sliter med […]

I dag er det meir som vere eller ikkje vere. Dei fleste kommunar sliter med stram økonomi, og innsparingar. Men når det røyner på, ser det ut som om pengane er der likevel. Skal ein ha ei utvikling i dag, må ein greia noko sjølv, og tilretteleggja, tilpassa, og ikkje minst vere fleksibel.
Ein må satsa i bygdene, og tilrettteleggja for infrastruktur, logostikk, bruka både bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi, tilpassa dette og tilretteleggja. Dette gjelder tilrettelegging av industritomtar, og ikkje minst bustadfelt. Der ein kommune ikkje vil satsa, er det svært enkelt, og ikkje tilretteleggja, tilpassa, og ikkje gjera noko med infrastrukturen. Eller at ein tilpassar så ein ikkje får ein fleksibel utvikling. Ein kan vera svært svaksynt, men ein vil kunna sjå, når dette gjer seg gjeldande. Ja, faktisk kan ein vera blind.
Jordbruket er inne i ein svært vanskeleg situasjon, og verre kan det bli, ser det dessverre ut for. Eg forstår godt dei, som sel dyrka mark til utvikling i samfunnet.
Det som kan bli katastrofalt for Hydro på Karmøy, er straumprisane framover. For dei som har fått desse signala med seg, og har emne til og kunne sjå fram i tid, og ha ein senarie om dette, vil til slutt kunne komma fram til sitt mål. Det må ikkje vera eit mål, å ta livet av små firma og privatpersonar, men saman kunne dela i ein liten kommune. Blir utgiftsnivået for stort, vil ein få ustabile forhold, og fråflytting. Bedrifter vil sjå seg etter andre samarbeidspartnarar, og til slutt vil ein oppdage at ein satsa på feil hest, men då er det som regel for seint.
Ein skal ikkje alltid etterlikna onkel Skrue, og hans familie, men visa vilje til og kunne vera jordnære og fornuftige, og å kunne ha eit tilbod der det blir attraktivt å bu, og å kunne bu og driva sin næring i ein god kommune.
Lukke til.

Ove Wiland