Sats på

Endeleg byrjar ein å få augo opp for kva for ein stor turistattraksjon Langfoss er. […]

Endeleg byrjar ein å få augo opp for kva for ein stor turistattraksjon Langfoss er. Nå er det vel ingen som i heile tatt torer å tenka tilbake på kva som blei diskutert for nokre år sidan, nemleg å legga Langfoss i røyr. Det ville gitt sårt trengte inntekter til kommunen, og det var nok det som lokka forkjemparane. Heldigvis klarte ein å unngå dette. Verdigrunnlaget og naturressursane sigra.
 
Det er gjerne slik at ein ser seg blind på det som er nærmast. Slik har det nok også vore for mange med Langfoss. Folk har tatt den for gitt og sett den så mange gonger at ein ikkje eigentleg klarer å sjå kor flott fossen med eit fall på 612 meter er. Etter kåringa på Internett rapporterer Else Fjæra i kiosken ved Langfoss om meir lokale besøkande enn tidlegare. Ja, kanskje måtte det koma nokon utanfrå for å fortelja oss kor fin fossen vår er. Det er eit tankekors. Me må læra oss å verdsetja det me har i nærleiken vår.
 
Skiltinga ved Langfoss har vore eit problem. Folk ser ikkje skiltet om undergangen og spring ut på E 134 i staden for, der det er 80 km-sone. Det er på tide at skikkelege skilt kjem opp og det burde ikkje vera så vanskeleg å få på plass. Ingen ønskjer ulykker ved den største turistattraksjonen i Etne kommune. Ordførar Amund Enge har også lova at skilt om kåringa av Haugalandets finaste turistmål på norsk, tysk og engelsk skal koma på plass til neste turistsesong. Me forventar at det kjem opp snarast mogleg.

Kommunen har fått ein gåvepakke rett i hendene med desse to kåringane av Langfoss. Nå gjeld det at kommunen klarer å spela vidare på denne effekten i framtida, og greier å marknadsføra Langfoss for alt den er verdt.