Satsar på gamle hestar

Verken partilister eller bygdelister til kommunevalet for Vindafjord i september signaliserer at det er tid […]

Verken partilister eller bygdelister til kommunevalet for Vindafjord i september signaliserer at det er tid for eksperimentering med nye politikarar på banen, i alle fall ikkje på toppen av listene.
Det blir satsa på trygge og erfarne namn i det første valet av felles kommunestyre for Ølen og Vindafjord, som blir avvikla saman med stortingsvalet til hausten.

Bergsvåg og Håvås
Alle dei fem som vil bli ordførar i den samanslåtte kommunen, var ordførarkandidatar i Ølen og Vindafjord i 2003. Frå Vindafjord stiller dagens ordførar, Reidar Håvås (Ap), tidlegare ordførar Oddvar Haugland (KrF) og Dagfinn Torstveit (H) som ordførarkandidatar for sine fusjonerte lokalparti i Ølen og Vindafjord.
Ordførar Arne Bergsvåg i Ølen er kandidat for eit fusjonert Sp i den nye kommunen. I Frp er det Terje Halland frå Ølensvåg som drog det lengste strået i kampen om topplassering og ordførarkandidatur for Vindafjord Frp.
Dei tre bygdelistene Tverrpolitisk bygdeliste for Skjold/Vats, Vikebygd bygdeliste og Bjoa bygdeliste har ikkje ambisjonar om å kome i ordførarstolen og stiller ikkje med kandidat i det direkte ordførarvalet.
Rune Hetland har topplassen i Vikebygd, men han tar ingen ny ordførarduell etter at han tapte mot Arne Bergsvåg i Ølen i 2003.

Eige ordførarval
For vindafjordingane er det første gong dei får stemme direkte på ordførar i tillegg til dei ordinære listene. Ølen hadde tilsvarande direkte val i 2003, og valet for nye Vindafjord blir etter same leisten.
Ein av kandidatane må få 50 prosent av stemmene i første valomgang, elles blir det ein andre valomgang der dei to kandidatane med størst oppslutning frå første deltar.
For å prøve å få opp valdeltakinga, blir det to valdagar; søndag 11. september og måndag 12. september. Det er fem partlister og tre bygdelister som kjemper om størst mogleg makt i nye Vindafjord som er ein realitet frå 1. januar neste år.

Bjordal i Sp
Fusjonering av lokalpartia i Ølen og Vindafjord, har resultert i at ein frå kvar kommune er plassert på dei to første plassane. I Sp er varaordførar Per Bakkedal i Vindafjord som nummer to etter Bergsvåg. Sidan denne lista for øvrig er sett opp alfabetisk, er tidlegare ordførar Dominikus Bjordal i Ølen plassert på tredjeplass.
Etter Reidar Håvås på Ap-lista står Vidar Samland frå Bjoa som sit i kommunestyret i Ølen. Tilsvarande har Tone Hatteland (H) frå Ølen fått andreplassen bak Dagfinn Torstveit frå Nedre Vats.
Tidlegare Vindafjord-ordførar Oddvar Haugland har fått førsteplassen framfor mangeårig KrF-politikar i Ølen, Leiv Karsten Medhaug. Tilsvarande har Jone Døvik frå Øvre Vats fått andreplassen etter Terje Halleland frå Ølensvåg på Frp si liste.
Eit samarbeid mellom bygdelistene i Vikebygd og Bjoa var på beddinga, men interessa for ekteskap var ikkje stor nok. Rune Hetland toppar Vikebygd bygdeliste med Gunn Vikingstad som nummer to. Det er reprise frå 2003.
Bjoa bygdeliste har ikkje kumulert toppkandidat, og dagens kommunestyrerepresentantar, Ingrid Steinsland, Kåre Frøland og Bjørn Johannessen er å finne på denne lista.
Tverrpolitisk liste for Skjold/Vats er også ei rein alfabetisk liste. Der finn ein profilerte kandidatar frå dei to siste periodane, med Øyvind Haraldseid, Terje Kleiven, Ottar Ohm og Josef Blikra i spissen.